Høgskolen i Oslo
Høgskolen i Oslo
Fronter Les e-post med Webmail Læringssenteret Personer HiO-veven



Studietilbud Enheter Kontakt English Utskrift

Velkommen til HiO / Aktuelt / HiO-nytt / Arkiverte nyheter / 2004 / 08 / Populær rektorgrilling og felleslunsj

Populær rektorgrilling og felleslunsj

Flere hundre studenter var vitne til at rektor grillet pølser under HiOs store studiestartfest. Og de nye studentene ved Avdeling for ingeniørfag har vært med på felleslunsj.

Rektor grilla i gang semesteret

Av Hallvard Lavoll-Nylenna

Sola skinte, grillrøyken låg lavt, øl-køane var lange og frå scenen rocka The Samuel Jackson five. Fleire hundre studentar koste seg under histories fyrste felles utandørs studiestartsfest.

– Dette er heilt glimrande og vi må nok gjere dette att neste år, sa ein nøgd pubsjef og ildsjel Stian Aarstad. For fyrste gong vart det i går arrangert felles studiestartsfest for alle nye studentar ved alle sju avdelingar på HiO. Allereie frå kl 16.00 spreidde lukta av hamburgarar og pølser seg frå grillane utanfor Anna Sethnes hus. Studentparlamentet saman med Samfunnet, OAS (Oslo- og Akershushøgskolenes studentsamskipnad) og HiO kunne i går saman med solskin ønskje nye studentar velkommen.

– Eit viktig fellesarrangement

Bak grillen, med sveittedråpane rennande, kunne ein blant anna oppleve rektor Per Lilleengen vende saftige hamburgarar. – Dette er eit viktig fellesarrangement som er med å skapar gode sosiale rammer. Trivsel blant studentane er viktig for god læring. HiO er så mykje meir enn å studere, seier Lilleengen. Saman med prorektor og direktør var rektor med på å ta eit praktisk handtak i går.

Studiestart - grill - rektor

Rektor Per Lilleengen (t.v.) og direktør i OAS, John Hvidsten. (Foto: Hallvard Lavoll-Nylenna)

Saman med rektor kunne ein også sjå direktør i OAS, John Hvidsten, rulle pølser. – Vi ønskjer at studentane skal føle tilhøyring til HiO og studentmiljøet så fort som råd. Dette er eit glimrande arrangement i all hovudsak av og for studentar. OAS direktøren hadde også tatt med fleire frå OAS-leiinga for å gjere ein innsats. Midt inne i grillrøyken kunne ein også møte studentpresten Valborg Orset Stene.

Studiestart - grill - Carina

Carina, Ann-Kristin og Grete var blant dei mange hundre nye studentane på campus. (Foto: Hallvard Lavoll-Nylenna)

Studiestart - grill - folk

Fleire hundre studentar koste seg under festen. (Foto: Hallvard Lavoll-Nylenna)

Altmoglegmann frå Samfunnet, Stian Aarstad, hadde hendene fulle i går med organisering og rigging. – Dette er fyrste gong vi prøver eit slikt fellesarrangement på campus. Det er på mange måtar eit prøveprosjekt for oss. Men, det er ikkje tvil om at dette er noko vi må gjere att neste år. Då skal vi gjere det enda større og endå betre. Fleire band, fleire ølservitørar, meir grilling og lengre arrangement. I går varte arrangementet fram til klokka 18 grunnar skjenkeløyvet.

– Det er ganske stort her

Carina, Ann-Kristin og Grete var blant dei mange hundre nye studentane på campus. Dei tre framtidige ergoterapeutane koste seg i solskinet. – Det er ganske stort her og mange blide hyggelige menneskjer. Fadderane har teke godt vare på oss så langt og fadderopplegget gjer det mogleg å bli kjente med medstudentar, seier dei tre nye studentane.

I det ølserveringa slutta forsvann dei fleste studentane saman med sine faddrar vidare på nye punkt i fadderprogramma. Initiativtakar og leiar i Studentparlamentet, Anita Solberg, er godt nøgd med arrangementet. – Det er viktig å byggje bruer mellom avdelingane. Studentmiljøet må gå på tvers av fagmiljø og utdanningar. Dette arrangementet er med å binde saman avdelingane.

Resten av veka fortsetter fadderprogramma på dei forskjellige avdelingane og på laurdag endar det heile med Storhusfesten. Her kan ein blant anna oppleve Surferosa og Subway Safari.

 

Felleslunsj for nye IU-studenter

Av Wenche Skaugvold

IUs nye studenter – som det ble mange av da 546 studenter tirsdag møtte opp til 448 studieplasser – ble onsdag invitert til felleslunsj i Avdeling for ingeniørutdannings bakgård.

Arrangementet var et samarbeid mellom Studentstyret/Fadderstyret ved IU, OAS og avdelingen.

OAS sponset lunsjen som bestod av pastaretter, salat, baguette og frukt. Avdelingen sponset juice og leide inn telt. Og Fadderstyret ved IU bistod OAS i serveringen av de mange fremmøtte studentene som nøt den gode lunsjen.

Et meget bra samarbeidsprosjekt som ble svært godt mottatt av studentene!

I teltet der lunsjen ble servert. (Foto:  Shaddel Mohammad Reza)

Studiestart - grill - IU

Leserkommentarer til artikkelen

Grotesk grilling

Med et lettelsens sukk konstaterte jeg at tittelen ikke hadde dekning i brødteksten - eller i virkeligheten ...


Rektorgrilling

For å være litt mindre subtil enn Knut Andreas Tornes: Blei virkelig rektor grillet, Hallvard? I så fall, var felleslunsjen også populær?


rektorgrilling

No står eg (heldigvis) berre ansvarleg for overskrifta "Rektor grilla i gang semesteret". HiO-nytt redaksjonen må svare på om rektor sjølv vart grilla.


administrtiv tilnærming

Jeg må gi honnør til vår rektor som ved sin folkelige opptrerden har tatt et skritt i retning av å senke forskjellene (om der er noen,da!) mellom elever og lærere. håper flere av lærerne etter hvert vil ta initiativ til liknende tiltak for å løse opp stemningen!



Si din mening!