|
Debatt om omrokeringen
Du kan delta i debatten under hver HiO-nytt-sak eller legge ut innlegg her hvis temaet ikke er direkte tilknyttet innholdet i artiklene.
Leserkommentarer til artikkelen
Farvel til høgskolens mest vellukka utdanning
I tilrådinga frå arbeidsgruppa som utgreidde romsituasjonen, heiter det ”at det må gjennomføres en del hovedgrep” for at ein skal kunne nå dei hovedmål som det i følge notatet er ”stor grad av enighet om”.
Som første hovedgrep nevnes at ”mensendieckutdannningen flytter ut av lokalene i P52.”
Dette hovedgrep betyr etter alle solemerker det endelige farvel med ei av dei eldste, og ifølge StudData-undersøkinga, den beste av høgskolens profesjonsutdanningar: Det var denne utdanninga som scora høgast i den store studentundersøkinga på følgjande fem ”egenskaper ved de forskjellige utdanningene:
Gode lærere / Planlegging av underv. / Sammenheng Studium – yrke / Motivasjon
Selvstudium / Studentmiljøet.” (HiO-rapport 2003 nr.8, tabell I)
Men dette resultatet var oppnådd før det forrige store ”grepet” som blei tatt overfor denne utdanninga. I lys av dei siste åras demolering av mensendieckutdanninga, føyer dette siste ”hovedgrepet” seg inn i rekkja. Det forrige gjekk m.a. ut på at studieleiaren i full tid blei avskaffa, og erstatta med studieleiar (i halv stilling) frå den utdanninga som befann seg i den andre enden av skalaen i den overnemnde undersøkinga. Konsekvensane av dette vedtaket bør mane til ettertanke. Spørsmåla i denne samanhengen er m.a. om arbeidsgruppa har drøfta dei faglege konsekvensane av det hovedgrepet dei føreslår. Har medlemene sett seg inn i, drøfta og tatt omsyn til den unike fagligheten som mensendieckutdanninga representerer? Har arbeidsgruppa kome med si tilråding på bakgrunn av tilstrekkeleg kunnskap om og innsikt i konkrete forhold og viktige hendingar som belyser utviklinga og situasjonen for denne utdanninnga i dag? Når ein føreslår ”omfattende omrokkeringer”, som vil føra til ”store forandringer”, burde fagleg grunngiing, beskriving og analyse, ha prioritet framfor administrativt baserte rasjonaliseringsløysingar. Det er ikkje tilstrekkeleg å anta eller påstå at den føreslåtte omrokkeringa vil gi ”fremtidsrettede løsninger” og ”bedre totalsituasjon”.
Oppmodinga om å kommentera omrokeringa på campus vil eg bruka til å minna styret om at det bør ta utgangspunkt i primærvirksomheten når det skal fatte sitt vedtak, dvs. ut frå kva som best ivaretar og fremjer utdanningskvaliteteten. For det bør vel ikkje vera slik at romspørsmål skal avgjerast etter det som synest administrativt, styringsmessig mest effektivt.
Sagt på ein annan måte: Honnørorda framtidsretta og betre totalsituasjon må fyllast med fagleg begrunna innhald.
Eg veit ikkje om det er mogeleg å redda mensendieckutdanninga: Nedbygginga av mensendieckutdanningas kulturelle kapital, uttørkinga av den utdanninga som for få år sidan var den grønaste planten i HiO-hagen, har kanskje kome for langt. Skadene av dei siste åras opplevde raid mot denne utdanninga har kanskje vore for omfattande. - Dersom nokon trur at eg overdriv, eller at eg ikkje har kjennskap til det eg her har peika på, så er det berre å be om dokumentasjon.
Mensendieckutdanninga var eineståande, både i kvalitativ tyding - slik StudData-undersøkinga viste, og i den tydinga at det fanst berre èi slik utdanning. Til dette siste har eg ofte fått spørsmål som td.: ”Kva er forskjellen på fysioterapi og mensendieckfysioterapi? - for meg som utaforståande er det vanskeleg å forstå at vi treng to utdanningar som kvalifiserer til det same yrket”. Mitt svar plar vera å visa til spørsmålet: Du har sjølv peika på svaret. Det er fordi du er utaforståande. Eg kan gjerne bidra med mi forståing som hjelp til å koma innafor, om du har tid til ein times samtale.
sigurd haga
Si din mening!
|