Hjem / Aktuelt / HiO-nytt / Arkiverte nyheter / 2007 / 08 / International Public Health – ny modul ved Avd. HF

International Public Health – ny modul ved Avd. HF

Avdeling for helsefags nytilsette dekan Nina Waaler Loland åpna i forrige veke den blodferske modulen International Public Health.
Nina Waaler Loland og Lise Fogstad portrett

Dekan Nina Waaler Loland og koordinator og fagansvarleg Lise Fogstad var nokre av dei som åpna den nye modulen ved Avd. HF i forrige veke. (Foto: Idun Stokka)

"International Public Health" tyder internasjonal folkehelse på norsk, men norsk skulle vi ikkje høyre mykje av under åpninga torsdag morgon. I denne modulen skal alt vere på engelsk, alle presentasjonar, alle diskusjonar, alle innleverte arbeid. Og då var det naturleg at også åpninga gjekk føre seg på engelsk.

Utvikla på tvers

Modulen skal gi ei grunnleggjande forståing av, og tilnærming til folkehelsearbeid. Den er utvikla på tvers av utdanningane på HF, og vert tilboden på tvers av avdelingane. Andre vert oppfordra til å søkje i eit bachelorprogram ved universitet eller høgskole i inn- og utland, eller som ei vidareutdanning.

Loland begynte med å skissere noko av bakgrunnen for at denne modulen blei starta. Styresmaktene ønskjer meir tverrfaglegheit i helsefagutdanningane. Departementet vil at alle helseutdanningar innanfor høgskolesystemet skal ha felles modular.

Helse følgjer ikkje geografiske grenser

Ho la vekt på tre ting i talen sin:

Helse følgjer ikkje geografiske grenser. Vår levemåte, vanane og sjukdommane våre eksisterer ikkje bare i ein norsk samanheng. Helse er eit internasjonalt politisk tema. Vi reiser meir og meir og vi kommuniserer internasjonalt. Norsk folkehelse er derfor med i eit globalt system.

For det andre: Helse følgjer ikkje språkgrenser. Modulen er på engelsk fordi det er nødvendig å kunna engelsk godt. Vi lever i eit fleirkulturelt, internasjonalt samfunn der ikkje alle snakkar norsk. Språk åpner dørene til kommunikasjon med kolleger i andre land.

På helseområdet skjer endringane fort. Vil du halde deg oppdatert bør du beherske engelsk.

Det tredje punktet Loland ba oss merkje oss var at helse ikkje følgjer profesjonsgrensene. Eit slikt obligatorisk kurs som IPH lærer studentane om samarbeid med, og respekt for eigen og andre profesjonar. Dermed vert dei betre rusta for det verkelege livet der samarbeid er viktig.

Takka for alt arbeid

Til sist takka ho for alt arbeid som var gjort på avdelinga for å få dette til, med ein spesiell takk til fagansvarleg Lise Fogstad og prosjektkoordinator Jorid Grimeland, og ønskte alle lukke til

Lise Fogstad ga praktiske informasjon om modulen, og presenterte det pedagogiske personalet, som er: Christin Wiegels Waage, Liv Koppang, Anne-Lise Tamber, Anna Månsson Biehl og Lise Fogstad sjølv som er koordinator og fagansvarleg.

Ho takka spesielt høgskolelektor Ann Gulden som har vore ei uvurderleg språkleg hjelp for dei som skal undervise. Det vert nok tøft både for tilsette og studentar å utelukkande snakke og skrive engelsk, men denne konsekvente bruken av språket vil gi studentane høve til å utvikle eit godt fagleg vokabular på engelsk.

På dette kullet er det 60 studentar, dei aller fleste norske frå dei to fysioterapeututdanningane. Neste gjennomføring er frå oktober til desember og då vil det vere fleire utanlandske studentar.

[Idun Stokka]

Les meir

Leserkommentarer til artikkelen

Kjempebra Lise og medarbeidere!

Gratulerer med ny og viktig internasjonal modul!


GRATULERE

... med oppstart på et flott prosjekt. Dette har dere jobbet med og for i ca 2 år - det var en åpning jeg var stolt av
Lykke til
Nina Rigault


Si din mening!