Høgskolen i Oslo
Høgskolen i Oslo
Fronter Les e-post med Webmail Læringssenteret Personer HiO-veven

Helse

Studietilbud Enheter Kontakt English Utskrift

Velkommen til HiO / Enheter / Avdeling for helsefag (HF) / For tilsatte / Nytt og nyttig / Nytt og nyttig arkiv 2003 / Nina tok prisen!

Nina tok prisen!

Og stolte er vi! Nina Eitrem Haavie, Veks-koordinator ved HF, fekk prisen for godt læringsmiljø på fagdagen 4. februar.

Det vart lagt vekt på at prisen denne gongen er ein personleg pris for å premiera denne eldsjela som har gjort Veks mogleg.

NinaEH

Sjølv legg Nina vekt på at Veks ikkje kunne blitt ein realitet utan støtte frå leiinga i avdelinga. Deira framsynte vilje til satsing på eit slikt tverrfagleg tilbod har vore ein forutsetnad for at prosjektet skulle lukkast. Elles framhever ho positive og konstruktive innspel frå studentar som viktige korrektiv på vegen fram mot eit endå betre Veks. Dei entusiastiske og kreative rettleiarane i Veks gjer også ein strålande jobb og fortener ros og fagnad.

Vi på avdelinga vil gjerne vera med på å gjera stas på Nina. Ho fortener verkeleg ein personleg pris for innsatsen ho har gjort og gjer. Samstundes smitter det av litt heider og ære på avdelinga også, og det er jo flott!

Gratulerer Nina, stå på vidare!