Bokskap
Vil du ha ein lettare sekk? Bruk bokskap!
Reglar for bruk
- Alle som tar i bruk eit skap, skal gi beskjed til Studenttorget i Høgskulebygget, eller sende e-post til studentweb@hisf.no. Du oppgir namn på bygg, etasje, nummer på skapet og studentnummeret ditt.(Denne regelen gjeld berre i Sogndal)
- Hengelås ordnar du med sjølv (I Sogndal kan du kjøpe hos Fjordbok). Det er gratis å bruke bokskapa.
- Ved slutten av kvart studieår skal hengelåsen fjernast og skapet tømmast. Denne regelen gjeld sjølv om du skal fortsette som student til hausten. Dersom dette ikkje blir gjort, blir hengelåsen klipt opp og innhaldet fjerna i slutten av juni.
Her finn du bokskap
- Høgskulebygget Sogndal, 1. og 2. etasje (bak heisane)
- Fossbygget, 2. og 3. etasje
- Stadionbygget, 2. etg
- Høgskulebygget i Førde