For studentar
Kva skjer
Opningstider
Studenttorget i Sogndal
- Mån.–Fre.
- 08.00–15.00
Servicesenteret i Førde
- Mån.–Fre.
- 09.00–15.00
Lurer du på noko?
Når skal eg semesterregistrere meg?
Du semesterregistrerer deg kvart semester du er student hos oss. Fristen er 15. september for haustsemesteret, og 15. februar for vårsemesteret. Nye studentar skal registrere seg før studiestart. Slik semesterregistrerer du deg.
Kor finn eg datoar for når eg skal ha eksamen?
Dette finn du i eksamensplanen. Kandidatnummeret ditt og romplassering finn du i StudentWeb.
Korleis søker eg om tilrettelegging ved eksamen?
Dersom du til dømes har dysleksi, allergi eller psykiske plager, kan du søke om tilrettelegging. Søknadsfristen er 15.9 og 15.2. Meir info og søknadsskjema.
Når får eg vite eksamensresultatet?
Eksamensresultat finn du i StudentWeb under Mine resultat. Resultatet skal vere klart 15 arbeidsdagar etter eksamensdato. Meir om eksamensresultat og karaktersystem.
Eg vil klage på ein karakter. Korleis går eg fram?
Du har rett til å få ei grunngiving for karakteren din, og vi anbefaler deg å be om dette før du eventuelt leverer ein klage. Sjå fristar, og finn søknadsskjema for klage.
Innlevering av oppgåver, mappe og heimeeksamen
Her finn du framsidemalar og retningslinjer for innleveringar
Praktisk gjennomføring av eksamen
Skal du gjennomføre spørreundersøking som del av oppgåva di?
Vi har avtale med Questback, og kan tildele studentlisens til våre studentar. Bestill lisens! Skaldu behandle persondata? Sjekk om prosjektet ditt er meldepliktig hos Personvernombudet for forskning.
Eg skal ta opp att ein eksamen. Korleis melder eg meg opp?
Frist for oppmelding til ny/utsett eksamen (konte) er 15.9 og 15.2. Slik melder du deg opp. Viss du skal melde deg av ein eksamen, gjer du dette i StudentWeb.
Eg skal søke eit studium med lokalt opptak. Korleis går eg fram?
Ønskjer du å ta emne som ikkje ligg i utdanningsplanen din?
Kvart semester kan det bli ledige plassar på nokre emne, som studentar ved HiSF kan ta som tilleggsemne.
Kor finn eg bokskap?
Vi har bokskap i Høgskulebygget, Fossbygget og Stadionbygget. Sjå reglar for bruk.
Eg er ikkje student ved HiSF. Kan eg ta enkeltemne hos dykk?
Det kan bli ledige plassar på enkeltemne, som eksterne kan søke på. Du søker gjennom SøknadsWeb. Meir om enkeltemne.
Eg har gløymt PIN-koden til studentkortet mitt. Kva gjer eg?
I profilen din i StudentWeb kan du velje ny PIN-kode. Vanlegvis vil den nye koden fungere etter ca. eit døgn.
Kan eg søke om status som toppidrettsstudent ved HiSF?
Dersom du oppfyller Olympiatoppen sine kriterium, kan du få denne statusen.
Kan eg reservere studieplassen min til neste år?
Du kan få reservert studieplassen din til neste år på grunn av innkalling til militærteneste, fødsel/adopsjon, sjukdom eller andre tungtvegande grunnar. Sjå kriterium og søknadsskjema.
Kva må eg gjere før utreise?
Det er fleire skjema og dokument som skal fyllast ut, i tillegg til praktiske førebuingar. Sjå kva du må huske på!
Før og etter heimreise
Før du reiser heim må du ordne med fagleg dokumentasjon for opphaldet ditt. Når du kjem tilbake til HiSF må du levere ein del dokumentasjon.
Kor kan eg reise på utveksling?
Vi har utvekslingsavtalar med ei rekkje universitet og høgskular rundt omkring i verda. Kor du kan reise avheng av kva studium du går på. Sjå kor du kan reise, og når.
Korleis søker eg om studieopphald i utlandet?
Den første søknaden er ein intern søknad til høgskulen, og er ikkje forpliktande. Etter at søknaden er behandla og godkjent, er du klar til å fylle ut søknadspapir til den skulen du ønskjer å studere ved. Søknadsfristar og skjema
Får eg økonomisk støtte til utvekslingsopphaldet?
Som utvekslingsstudent får du støtte frå Lånekassen. Dersom du reiser gjennom Nordplus eller Erasmus+ vil du i tillegg få stipend derfrå. Meir om Lånekassen og utvekslingsprogramma
Kva hvis det skjer noko med meg under opphaldet?
Vi er opptatt av din sikkerhet når du er på utveksling, og vi har derfor ein beredskapsavtale med Sjømannskyrkja.
Helse- og velferdsgoder
Gjennom Studentsamskipnaden har du ulike goder og tilbod, som ulukkesforsikring, helsekasse med meir.
Tilrettelegging i studiet
Dersom du har ei funksjonsnedsetting, dysleksi, psykiske lidingar/vanskar eller anna, har høgskulen ulike tilretteleggingstilbod til deg.
Treng du nokon å prate med?
SISOF har ein eigen studentrådgivar du kan snakke med om små og store problem. Du kan også snakke med studentpresten.
Kan eg få godskrive utdanning eg har tatt ved andre utdanningsinstitusjonar?
Du kan søke om godskriving.
Kan eg søke permisjon frå studiet mitt?
Du kan søke permisjon på grunnlag av sjukdom, graviditet, andre omsorgsoppgåver, verneplikt eller andre særskilde grunnar. Her finn du søknadsskjema og regelverk.
Kan eg søke overflytting til HiSF?
Vi har nokre utdanningar du kan søke overflytting til. For dei fleste studia våre er det slik at du søker gjennom det ordinære opptaket.
Eg er student ved HiSF. Kan eg søke overflytting til andre studium ved høgskulen?
Vi har nokre studium du kan søke overflytting til. Søknadsfrist er 15. april.
Kor finn eg info og skjema knytt til praksis?
Dette finn du på praksissidene for studiet ditt.
Eg har vore i praksis; kor finn eg skjema for bu- og reiseutgifter?
Dette finn du på praksissidene til ditt studium.
Må eg levere politiattest?
Dersom du får opptak til eit studium der du kan komme i kontakt med mindreårige som del av praksis eller klinisk undervisning, skal du levere politiattest. Les meir om politiattest, korleis du søker og når politiattesten skal leverast.
Klar for arbeidslivet?
I Karrieresenteret kan du få ein gjennomgang av søknaden og cv'en din. På sidene våre gir vi deg råd og tips til korleis du finn jobbane, korleis du skriv ein god cv og søknad, og tips til jobbintervjuet.
Ønskjer du studie- eller karriererettleiing?
I Karrieresenteret vårt møter du rådgivarar som kan rettleie deg og vere ein samtalepartnar rundt spørsmål knytt til studiet ditt eller vegen vidare. Kom innom eller bestill time.
Korleis kan eg vere med å påverke studiekvaliteten ved HiSF?
Du kan delta i evalueringar, stille til val i ulike styre og utval, eller bli tillitsvald i klassen din. Engasjer deg!
Korleis får eg karakterutskrift?
Dette bestiller du enkelt i StudentWeb. Karakterutskriften blir sendt i posten.
Blir vitnemål/karakterutskrift automatisk sendt til meg etter at eg er ferdig med studiet mitt?
Dersom du fullfører på normert tid, vil vi sende til deg når du er ferdig. Meir om vitnemål og karakterutskrift
Ris eller ros til HiSF? Sei ifrå!
Sei ifrå er eit meldesystem der du kan melde frå om ting som er bra eller ting som bør endrast, uheldige hendingar, brot på rutinar med meir.
Meir om Sei ifrå

