01 november 2007
[logg inn]


Søk etter:  i

Fag og emne ved Avdeling for samfunnsfag

Klikk for større bilete
  • BACHELORSTUDIUM
  • ÅRSSTUDIUM
  • ENKELTEMNE

Ved Avdeling for samfunnsfag kan du velje mellom fem bachelorstudium innan sosialfag og samfunnsfag.

Dei sosialfaglege studia: barnevern, sosialt arbeid og vernepleie er heiltids profesjonsstudium som fører fram til ein bachelorgrad.

Avdelinga tilbyr også heiltids bachelorstudium i historie og sosiologi. I desse studia er det tredje året valfritt; har du 60 studiepoeng frå før, kan du få ein bachelorgrad på to år.

Første studieåret i bachelorstudia i historie og sosiologi tilsvarer Årsstudium i samfunnsfag respektive Årsstudium i ungdomssosiologi (1). Etter fullført årsstudium kan ein gå dirkete over på andre året i bachelorstudiet.

Du kan også studere enkeltemne: Dei fleste emna i bachelorstudia i historie og sosiologi kan også takast som enkeltemne. Les om emna i boksane til høgre; meir informasjon finn du på studia sine websider.

Ved avdelinga har ein også deltidsstudia examen philosophicum, lokalhistorie og rusproblematikk (vidareutdanning). Det er ikkje opptak til rusproblematikk i 2007.

(1) Avvik på eit emne som ein tek andre året dersom ein går vidare til bachelorstudiet.

Aktuelt

»  Den sosiale kroppen - nytt spennande emne starter våren 2008
Førsteamanuensis Roger Hestholm ved Avdeling for samfunnsfag har utarbeidd emnet. Han sier dette:
 
»  Skikkavurdering ved ASF sine profesjonsstudium
Studentar som tek til på barnevern-, sosionom- og vernepleiarstudium etter 1. august 2006 vert omfatta av Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning.
 


Sist endra av: Caisa Hedlund, 19. august 2007 14:41:50
Publisert av: Guy Steffen Brun, 03. desember 2006 12:31:14

Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no

Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane