|
|
IKT årsstudium 60 stp |
IKT 1 30 stp |
IKT 2 30 stp |
IKT 3 30 stp |
Fagstudia i Pedagogisk Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) vert tilbodne både som ordinære studietilbod (undervisning ved HVO) og som nettstøtta studium. Studia kan gjennomførast på fulltid eller deltid. IKT får ein stadig breiare plass i samfunnet. Dette gir seg også utslag i skulen, der IKT i dag skal være ein integrert del i dei fleste fag.

Kort om programma: Studia skal setje studentane i stand til å bruke IKT som ein effektiv reiskap i undervisning, eigenutvikling og administrativt arbeid.
IKT1 tek til med innføring i vanlege IKT-prosessar som teksthandsaming, rekneark, bilethandsaming og enkel nettpublisering. Studiet vil vidare m.a. ta opp den nye lærarrolla og dei nye arbeidsmåtane IKT medfører. Vi ser på teknologien sin plass i skule, samfunn og arbeidsliv, kva utfordringar dette skaper og kva avgrensingar som trengst.
Informasjonsdeling ved hjelp av internett er eit sentralt tema gjennom heile året(IKT1 og IKT2) med fokus på design av nettstader og teknikkar for å publisere og handsame små og store sidestrukturar. I tillegg til nettdesign har IKT 2 nettstøtta samarbeidsformer og samarbeidslæring som viktige tema. IKT årsstudium er samansett av IKT 1 (haust) og IKT 2 (vår).
Gjennom IKT 3 skal studenten få analytisk og teknisk kunnskap om å designe system som tek vare på både brukar og data, og fordjupe seg i sjølvvalt fagemne.
Kva lærer du:
IKT 1: Studenten skal kunne setje IKT inn i ein samfunnsmessig samanheng og verte kjent med sider ved IKT-bruk som er relevante i skule og opplæring. Studenten skal vidare kjenne til endringane i lærarrolle og didaktikk som medviten bruk av IKT fører til. Studiet skal gje kompetanse i hypermedie som arbeidsteknikk.
IKT 2: Studenten skal lære: - Effektiv design og styring av dynamisk nettstad. Innsikt i programutforming og design. - Om prosjekt som arbeidsform, samt fordjuping og refleksjon rundt eit tema knytt til IKT. - Utvikle reflekterte haldningar til pedagogisk bruk av IKT. Dei skal også tileigne seg eit grunnlag for å bruke IKT slik at det fremjar samarbeid og kommunikasjon heller enn å skape skilje. Studenten bør kjenne til, kunne bruke og vurdere arbeidsformer som digitale læremiddel opnar for. Det er ein føresetnad for studiet at studentane på førehand har eit grunnlag i bruk av standard IKT-verkty og elektroniske læremiddel.
IKT 3: Studenten fordjupar seg innan følgjande fagområde: - Menneske-maskin-interaksjon og datamediert kommunikasjon. - Systemkunnskap innan bygging og implementering av databasar. - Bygging av grensesnitt mot databasane i eit vevmiljø.
Studenten skal også gjennomføre eit større sjølvstendig arbeid knytt til IKT i læring.
Oppbygging og gjennomføring: Fagstudia i informasjons- og kommunikasjonsteknologi er studieåret 2004/2005 sett saman av følgjande emne:
Undervisning/arbeidsmåtar: Det vert veksla mellom forelesingar i storgrupper, gruppearbeid og individuelt arbeid. Vi legg vekt på studentaktive arbeidsformer med rettleiing under arbeid med arbeids- og mappeoppgåver. IKT årsstudium, IKT1og IKT2 har ei praksisordning for dei som tek det som ein del av lærarutdanninga.
IKT1 kan takast lokalt ved å følge undervisninga til IKT60(årsstudiet), eller nettstøtta med samlingar i Kristiansund. IKT 3 vert gjennomført som eit nettstøtta studium med samlingar i Volda. Vegen vidare – jobb og studium: Studia kan inngå i valfri del i allmennlærarutdanninga, kan vere vidareutdanning for utdanna lærarar og gå inn i bachelorstudiet Media, IKT og design ved HVO. Studia kan danne grunnlag for opptak på masterstudiet IKT i læring ved Høgskulen Stord/Haugesund. Studia kan også inngå som emne i fri bachelorgrad. Uteksaminerte kandidatar frå IKT 2 / IKT3 skal kunne fungere som rettleiarar i pedagogisk bruk av IKT.
|