Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden



 Kontakt
Høgskulen i Volda
Postboks 500,
6101 Volda

Telefon: 70 07 50 00
Telefaks: 70 07 50 51
Besøksadresse:
Joplassvegen 11, 6101 Volda

  Postmottak@hivolda.no
  Til kontaktsider


Gå til Utdanning.no

For søkjarar / Korleis søkje? /

Søknad om opptak og studieplass

Frist for søknad om opptak til vårsemesteret 2008 er 1. desember.
Last ned søknadsskjema  (pdf-fil) eller bruk søknadsweb (sjå under) 


Spørsmål: Ring 700 54 800 eller send e-post til sok@hivolda.no 


I tillegg har alle tilbod gjennom Studiesenteret.no. Du finn skjema på deira heimeside.

Dokumentasjon (rettkjende kopiar av vitnemål og attestar) som syner at du stettar opptakskrava, inkl. eventuelle forkrav, må sendast snarst. Dokumentasjon på utdanning som er under fullføring våren 2007 skal ettersendast seinast 1. juli.

Bachelorgrads, mastergrads-, fordjupings-, halvårs- og delstudium
Desse studia søkjer du direkte til høgskulen. Logg deg på Søknadsweb
(lag ei vilkårleg pinkode). Registrer personalia og prioriter dei studia du vil søkje på. Ettersend naudynt dokumentasjon pr. post direkte til høgskulen.

Om du har spørsmål om søknad eller opptak ved Høgskulen i Volda kan du sende ein e-post til sok@hivolda.no.

Fristar og prosedyrar i opptaket:
Samordna opptak - årsstudium, bachelorstudium og allmennlærarutdanning
1.mars

Søknadsfrist for spesielle søkjargrupper:
- søkjarar som har grunnar for førehandsopptak
- søkjarar som har grunnar for opptak utanom poengreglane (opptak på særskilt grunnlag)
- søkjarar med utanlandsk utdanning (land utanfor Norden)
- søkjarar med vidaregåande utdanning frå Rudolf Steiner-skule eller International Baccalaurat (IB)
- søkjarar som ønskjer realkompetansevurdering (og ikkje har generell studiekompetanse)

15.april ORDINÆR SØKNADSFRIST - også for dei som fekk reservert studieplass i fjor
mai/juni Seinast 1. juni får søkjaren tilsendt omslagsark og melding om kva for ein lærestad som skal handsame søknaden.
1. juli Siste frist for ettersending av vårens vitnemål og attestar.
Siste frist for omprioritering av tidligare innsende studieønske via
nettsøknaden. NB! Ikkje nye ønskjer.
10. juli Siste frist for å skifte adresse på svarbrev i hovudopptaket.
18. juli Hovudopptak - svar på søknaden er tilgjengeleg på papir og nett. Tilbod om studieplass vert alltid gitt på det høgst prioriterte studieønsket som søkjaren har nok poeng til å kome inn på.
20. juli Ledige studieplassar etter hovudopptaket vert lagt ut på Restetorget.
26. juli Svarfrist for hovudopptak. Søkjaren kan svare på nettsøknad eller med svarkort. Må også stadfeste evt. ventelisteplass.
29. juli Nasjonalt suppleringsopptak
etter 29. juli Restetorgopptak og lokale suppleringsopptak på dei studium som har ledige plassar.
Lokalt opptak - praktisk-pedagogisk utdanning, mastergrads-, fordjupings- og halvårsstudium
1.mars

Søknadsfrist for
- søkjarar til Norsk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar (
NUS)
- søkjarar med grunnar for førehandsopptak til master, fordjupings- og halvårsstudium

15. april ORDINÆR SØKNADSFRIST
1. juli Siste frist for ettersending av vårens vitnemål og attestar.
juni/juli Svar på lokalt opptak vert sendt ut puljevis, og med hovudtyngd i juli. Hugs å gi oss rett adresse.

Oppstart av tilboda er avhengig av søkjartal og ressurssituasjonen ved høgskulen.

(* Skjemaa er i pdf-format, og kan lesast med Acrobat Reader. Dersom du klikkar på lenka og søknadsskjemaet kjem fram, har du programmet installert. Kjem det ikkje fram, får du opp eit vindu der maskina spør kvar du ønskjer å lagre fila. For å kunne opne fila må du installere Acrobat Reader. Du kan laste ned Acrobat Reader ved å klikke her. )



Skriv ut  Skriv ut


Søk etter tilsette
Søk etter studentar
Utvida søk

 Aktuelt for søkjarar
Oppdatert av Kristian Fuglseth 09.11.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning