«Kompetanse for framtida»
Volda University College

  Kaarstadfestivalen__webbanner_620x100px.jpg        

Arkiv | PResseklipp

BK_220.jpg

Vatnet er tilbake på BK-huset

Feilen er no retta og vatnet er tilbake på BK-huset.

PLAN_220.jpg

HVO-studentar skriv for PLAN

PLAN Nr 3–4/2015 er eit temanummer om helse og planlegging. Ein stor del av temanummeret er samandrag av prosjektoppgåver som tidlegare HVO-studentar ved Helse og omsorg i plan har skrive.

G0188090_220.jpg

Aldri før har så mange svart ja til å studere ved HVO

Ein prognose tyder på at Høgskulen i Volda i haustsemesteret 2015 vil ha om lag 4000 studentar. Det er rekord for HVO.

Aamas_220.jpg

– Ein av dei viktigaste skule- og høgskulestadene i Norge

Hovudtalar under opningsseremonien, Knut Olav Åmås, har sjølv mange gode erfaringar med Volda. Han trakk fram Høgskulen i Volda som ein av dei viktigaste utdanningsinstitusjonane i landet, i sin tale.

Roppen_apning_220.jpg

Spår interessante og trygge jobbar for nye studentar

Rektor Johann Roppen oppmoda dei nye studentane til å engasjere seg, og sa at han trur dei fleste av studentane vil få seg trygge jobbar etter studiane i Volda, under opningstalen sin for det nye studieåret.

Fadder1_220.jpg

Klar for å ta imot nye studentar

120 fadrar boblar over av forventning og gler seg til å ta imot dei nye studentane tysdag. Dei lovar ein varm velkomst til studiebygda Volda, og har mykje å by på den første veka.

Stream_220.jpg

Sjå opninga av studieåret direkte på hivolda.no

Her på hivolda.no kan du følgje den offisielle opninga av studieåret 2015/16 ved Høgskulen i Volda direkte. Vi streamer opninga frå klokka 12.00.

KOAa_220.jpg

Studiestart med Knut Olav Åmås

Direktør Knut Olav Åmås i stiftinga Fritt Ord er årets hovudtalar under Høgskulen i Volda sin opningsseremoni tysdag 18. august. Opninga av studieåret vil finne stad ute bak Berte Kanutte-huset. Høgskulen sitt eige symfoniorkester under leiing av Ketil Grøtting vil også kaste glans over dagen.

Rettl_220.jpg

Suksesshistorie for mentorutdanning

Rettleiar mentor-utdanninga som HVO tilbyr er veldig etterspurd. Fredag hadde 70 barnehagepedagogar frå Ørsta og Volda si første studiesamling.

INFO_FOTO_STUDIESITUASJON_Forskulelarar_web_LINE_SJOHELLE_2012_1_220.jpg

Studerer pedagogikkfaget i ny barnehagelærarutdanning

Førstelektor Bente Vatne er med i forskargruppa Pedagogikk i ny barnehagelærarutdanning (PED-BLU) i UHNettVest som forskar på korleis faget pedagogikk er implementert i den nye barnehagelærarutdanninga.

Int6_220.jpg

Tek imot rekordmange utvekslingsstudentar

Aldri tidlegare har så mange nye utvekslingsstudentar valt Høgskulen i Volda som i år. Målt mot fjoråret er det ein auke på 50 prosent.

KarolineStrand.JPG

Overraska studentprisvinnar

Karoline Strand visste at ho var ein av kandidatane, men hadde aldri trudd at ho skulle stikke av med Studentprisen 2015.

Hybel_220.jpg

Volda med hybelgaranti

Alle studentar som kjem til Volda er sikra tak over hovudet og ei seng å sove i. Her får alle seg ein hybel, er lovnaden.

Foto_ebok.jpg

Håper å skape blest med ny e-bok

Våren 2015 har studentar på vidareutdanningsstudiet IKT i barnehagen blogga seg til læring. Resultatet vart ei eiga e-bok.