
Nyhende
HVO-studentar skriv for PLAN
PLAN Nr 3–4/2015 er eit temanummer om helse og planlegging. Ein stor del av temanummeret er samandrag av prosjektoppgåver som tidlegare HVO-studentar ved Helse og omsorg i plan har skrive.
Aldri før har så mange svart ja til å studere ved HVO
Ein prognose tyder på at Høgskulen i Volda i haustsemesteret 2015 vil ha om lag 4000 studentar. Det er rekord for HVO.
– Ein av dei viktigaste skule- og høgskulestadene i Norge
Hovudtalar under opningsseremonien, Knut Olav Åmås, har sjølv mange gode erfaringar med Volda. Han trakk fram Høgskulen i Volda som ein av dei viktigaste utdanningsinstitusjonane i landet, i sin tale.
Spår interessante og trygge jobbar for nye studentar
Rektor Johann Roppen oppmoda dei nye studentane til å engasjere seg, og sa at han trur dei fleste av studentane vil få seg trygge jobbar etter studiane i Volda, under opningstalen sin for det nye studieåret.
Klar for å ta imot nye studentar
120 fadrar boblar over av forventning og gler seg til å ta imot dei nye studentane tysdag. Dei lovar ein varm velkomst til studiebygda Volda, og har mykje å by på den første veka.
Sjå opninga av studieåret direkte på hivolda.no
Her på hivolda.no kan du følgje den offisielle opninga av studieåret 2015/16 ved Høgskulen i Volda direkte. Vi streamer opninga frå klokka 12.00.
Studiestart med Knut Olav Åmås
Direktør Knut Olav Åmås i stiftinga Fritt Ord er årets hovudtalar under Høgskulen i Volda sin opningsseremoni tysdag 18. august. Opninga av studieåret vil finne stad ute bak Berte Kanutte-huset. Høgskulen sitt eige symfoniorkester under leiing av Ketil Grøtting vil også kaste glans over dagen.
Overraska studentprisvinnar
Karoline Strand visste at ho var ein av kandidatane, men hadde aldri trudd at ho skulle stikke av med Studentprisen 2015.
Volda med hybelgaranti
Alle studentar som kjem til Volda er sikra tak over hovudet og ei seng å sove i. Her får alle seg ein hybel, er lovnaden.
Festivalkoret på plass
– Årets festivalkor er no på plass og startar opp øvingane fram mot Sunnmøre kammermusikkfestival 2015, seier dagleg leiar for festivalen Øystein Salhus.

