Velkomen til Høgskulen i Volda

Ny student? Lene, Silje og Joachim varar på alt om studiestart. Ring 700 54 800 eller KLIKK HER!Gå til www.hivolda.no/forskingsdagane - der er meir informasjon og program


Nyheitssøk | Nytt på e-post | Presseklipp | Ut i verda? Gå til internasjonale sider

Flittige studentar
Studentane ved Høgskulen i Volda tok i gjennomsnitt 45,5 studiepoeng i førre studieår, og er rangert i blant dei topp 10. Det er eit godt stykke framfor dei tradisjonelle universiteta, som ender eit stykke nede på lista.
[ Les meir ] - 03.07.2008

Mastergradsstudium med tilbod om forskingsprosjekt
Mastergradsstudentar på Kulturmøte har høve til å vere ein del av forskingsprosjektet ”Kulturperspektiv mellom bønder og embetsmenn”. Prosjektet vil lyse ut åtte stipend og studentane vil vere ein del av eit forskingsnettverk. – Vi er svært nøgd med at vi fekk tilslaget og ser på dette som ei utfordring, seier prosjektansvarleg Atle Døssland ved Historisk institutt. Prosjektet har fått seks millionar gjennom Forskingsrådet sitt program for strategiske høgskuleprosjekt.
[ Les meir ] - 02.07.2008

Magisk med latter
Tidligere dramastudent Henrik Morken Nielsen har gjort stor suksess i filmen "Lange Flate Ballær", der han spiller den lett hysteriske Helge. – Det er givende å kunne underholde og få andre til å le. Studietiden i Volda har vært et springbrett ”ut i den store verden”, og en nyttig erfaring å ha med, sier han.
[ Les meir ] - 28.06.2008

Vidareutdanning i leiing – inspirasjon og fagleg høg standard
Vidareutdanning i leiing er eit populært studietilbod, og gir eit godt grunnlag for å søkje til leiarstillingar. Randi Løseth og Ivar Rød har vore studentar på vidareutdanninga dette semesteret, og er samde om at studiet har gitt god teoretisk innsikt i kva det vil seie å vere leiar. Frå før har dei erfaring som leiarar i skulen, og er glade for å ha dette året som ei plattform vidare. - Forelesarane er av fagleg høg standard og bringer dimensjonar inn i lærestoffet, seier Ivar Rød.
[ Les meir ] - 27.06.2008

I mål med engelsk læreverk
Nyleg kom siste bok i lærebokserien "A New Scoop" for 5. til 7. klasse ut på Samlaget. Ein av forfattarane bak serien er førstelektor Randi Lothe Flemmen ved Høgskulen i Volda. Ho har i ei årrekkje undervist lærarstudentar i engelsk, og ho er samstundes ein svært produktiv lærebokforfattar.
[ Les meir ] - 26.06.2008

Solid disputas
Sist fredag disputerte Jan Fredrik Hovden for dr. polit. -graden ved Universitetet i Bergen. – Eg har vore opponent til mange doktorar og også vore tilhøyrar på mange disputasar, men aldri opplevd ein så suveren handtering av metodiske spørsmål og utfordringar som den Hovden hadde i sin dialog med andreopponenten, seier Rektor Jørgen Amdam.
[ Les meir ] - 26.06.2008

Søk-korpset hjelper deg gjerne!
I sommar vil Silje Flåskjer, Joachim Storvik og Lene Hovde ringje til førsteprioritetssøkjarar og svare på telefonar og e-post frå søkjarar og studentar som har spørsmål om studiestart og det å vere student i Volda.
[ Les meir ] - 25.06.2008

Avslutta med visuell ballade
Prøvekluten 2008 er over. I løpet av to veker har vel tretti deltakarar arbeidt intensivt med sine kunstprosjekt innafor sjangrane dans, teater, biletkunst, design, litteratur og musikk. Biletkunstnar Jorunn Mulen (35) frå Førde/ Falmouth i England avslutta med å presentere ein visuell ballade ho har jobba fram under opphaldet.
[ Les meir ] - 25.06.2008

Sosialt - spennande - utfordrande
Det å vere student er noko heilt anna enn å vere elev, og mange lurer på kva som eigentleg er forskjellen. – Som student styrer ein kvardagen heilt sjølv, og på den måten blir det stilt større krav. Det er betre å studere enn vi trudde, mykje fordi det er sosialt og vi har fått mange nye venner, seier Anne og Ida, som begge er studentar ved Høgskulen.
[ Les meir ] - 23.06.2008

Studentar med lokalsamfunnsanalyse
Gjennom feltopphald og studentundersøking i Sande kommune, har studentar frå første året på bachelorstudiet i planlegging og administrasjon utført lokalsamfunnsanalyse. Studentane har sett på dei fire bygdene Gjerdsvika og Gursken, på Sandsøy og Kvamsøy, og har kome fram til fleire interessante poeng.
[ Les meir ] - 20.06.2008

Laga si eiga draumebok
Biletkunstnar Vibeke Sjøvoll (36) frå Oslo deltek på Prøvekluten for andre år på rad. I år har ho fått med seg kollega og samarbeidspartnar Yngvild Færøy (38) for å vidareutvikle eit teikneprosjekt ho var i startgropa med i fjor.
[ Les meir ] - 19.06.2008

Tidlegare animasjonsstudent fekk hovudpris under Kortfilmfestivalen 2008.
Kortfilmfestivalen i Grimstad gjekk av stabelen i helga, og tidlegare animasjonsstudent Kajsa Næss, vann hovudprisen Gullstolen for beste norske kortfilm med filmen BYGNINGSARBEIDERE. Prisen er gitt av Norsk filminstitutt og er på 50 000 kroner.
[ Les meir ] - 19.06.2008