|

Lese- og skriveopplæring er eit viktig satsingsområde frå nasjonalt politisk hald, og mange kommunar og skular i Møre og Romsdal har allereie satsa på kompetanseheving på dette området. Kontor for etter- og vidareutdanning (KEV) ved Høgskulen i Volda (HVO) har i samarbeid med Statens utdanningskontor i Møre og Romsdal (SU) utvikla eit nytt kompetansetiltak innan fagområdet Norsk lese- og skriveopplæring.
KEV tilbyr med dette kurset ei kostnadseffektiv etterutdanning tufta på HVO sin faglege kompetanse om lese- og skriveopplæring og nettstøtta læring.
Innhaldet skal vere både erfaringsbasert og praksisnært, samstundes som det tek opp i seg forskingsbasert kunnskap. Vi tilbyr eit opplæringstiltak som fører til endringar i skulekvardagen, er leia av flinke fagfolk frå ulike arenaer, og som har ein sterk organisasjon i ryggen. Kurset består av to komponentar: Samlingar og nettbasert diskusjon.
Aktuelle lenkjer:
|