|
Avdeling for lærarutdanning har 100-årig tradisjon med lærarutdanning. Tidlegare Volda lærarhøgskule starta i 1895. Den estetisk svært vakre, pitoreske hovudbygninga som er frå 1922, den tid då lærarutdanninga i Volda var den største i heile Norden, minner om dei rike erfaringane lærarutdanninga i Volda byggjer på. 
I dag arbeider og trives studentane her og elles i mange andre tidsmoderne bygningar og store velutstyrte spesialareal i dei ulike faga.
ALU er den største avdelinga ved Høgskulen i Volda. Årleg studerer ca. 950 studentar innan fleire typar lærarutdanningar retta inn mot arbeid i barnehage, grunnskule, vidaregåande skule, voksenopplæring, fritids- og arbeidsliv. 70 fagtisette og administrativt tilsette arbeider i avdelinga.
Kontaktperson kontorsjef Bjørn Krøvel, tlf. 70 07 53 11
|