|
Høgskulen i Volda og ”Trygdeetatens arbeidslivssenter – Senter for inkluderende arbeidsliv” har inngått samarbeidsavtale om eit meir inkluderande arbeidsliv med verknad frå 1. mars 2002.
Arbeidsmiljøutvalet hadde sak i høve avtale om eit meir inkluderande arbeidsliv på dagsordenen i møte 22. april 2002, sak AMU-S 03/2002, og gjorde m.a. slikt samrøystes vedtak:
1. AMU ber personalkontoret utarbeide eigenmeldingsskjema og tilretteleggje rutinar. 2. AMU ber høgskuledirektøren oppnemne eit utval som får i oppdrag å utarbeide rutinar for eit meir inkluderande arbeidsliv.
I brev 29. april 2002 bad AMU-leiar/hovudverneombod høgskuledirektøren følgje opp punkt 2 i nemnde vedtak.
Høgskuledirektøren bad i brev 6. mai 2002 det utvalet som arbeidde med problemstillingar knytte til HMS-arbeidet ved Høgskulen i Volda om også å lage rutinar for eit meir inkluderande arbeidsliv.
Utvalet hadde sitt første møte 27. mai 2002, og har hatt i alt 7 møte.
HVO sin kontaktperson ved Trygdeetatens arbeidslivssenter, Olav Elling Gausdal, har vore med på dei fleste utvalsmøta og gitt råd og innspel til utvalet sitt arbeid.
Høgskulen i Volda, 28. mai 2003 - Rune Mo - Sverre Tverberg - Ingvar Elgesem - Kirsten Hundvebakke - Sissel Grete Wahlstrøm (utvalssekretær)
|