Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden



 Kontakt
Høgskulen i Volda
Postboks 500,
6101 Volda

Telefon: 70 07 50 00
Telefaks: 70 07 50 51
Besøksadresse:
Joplassvegen 11, 6101 Volda

  Postmottak@hivolda.no
  Til kontaktsider



Ressursside for tilsette
Om Høgskulen / Administrasjon / Informasjonskontoret / Lyst til å besøke oss? /

Lyst til å besøke oss?

 

Er du elev i vidaregåande skule eller folkehøgskule? Har du og klassen din lyst til å besøke oss? Har de lyst til å sjå korleis vi har det? Sjå korleis studentane  lagar TV, radio eller avis? Har du lyst til å helse på dramastudentane? Kanskje få med dykk ei forestilling? Sjekke ut IT-parken? Snakke med internasjonal koordinator om studiar i utlandet? Avslutte (eller starte) med ein god lunsj i den flotte kantina vår?

 

Volda er nasjonalt og internasjonalt kjent for medieutdanningane sine. Studiestaden Volda har eit svært godt og aktivt studentmiljø der studentVEKA og dokumentarfilmfestivalen er naturlege høgdepunkt.  Studentane bur rimeleg i moderne studentbustader.

 

Men Volda er mykje meir enn media. Vi tilbyr ei rekkje andre studium og yrkesutdanningar innan humanistiske fag, lærar­utdanning, mediefag, samfunnsfag, kyrkjefag, friluftsliv, musikk, drama, kunst og handverk, IKT, design, historie, språkfag osv.

 

Høgskulen har også ein omfattande forskingsaktivitet og samarbeider tett med den regionale forskingsstiftinga Møreforsking.

 

Høgskulen i Volda har ca. 2200 studentar og om lag 240 tilsette.  Desse opererer i eit intimt og oversiktleg campusområde med moderne bygg og fasilitetar. 

 

Kart over Volda og HVO-campus

 

 

 

Vi tar gjerne i mot besøk. Kontakt oss i god tid slik at vi kan skreddarsy eit opplegg til dykk.  

 

Kontakt 1. konsulent Torill Engeseth, T: 70 07 50 90

 

eller informasjonsansvarleg. Per Arne Brandal, T: 70 07 51 18

 

 

 

- I 1990 hadde jeg valget mellom å studere media i Volda eller London. Jeg valgte Volda. [Synnøve Svabø]

 



Skriv ut  Skriv ut


Søk etter tilsette
Søk etter studentar
Utvida søk

 Nyhende
Seminaret "Biografien i nynorskverda"
02.11.2007

Forsking på ekte leik
01.11.2007

Fagleg oppdatering i Naturfag: Naturfag med mål og meining
01.11.2007


 Oppslagstavle
Seminarrekke om KULTURMØTE
7. og 16. november

31.10.2007

Historieseminar
11. - 13. november

31.10.2007

Kompetanseheving:
Naturfag med
mål og meining

31.10.2007

Lyst å besøke oss?
07.06.2007


 
Nærnett
Næravisa
Studentradioen
Volum filmklubb
Oppdatert av  Vevmeisteren ved Høgskulen i Volda 16.03.2004
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning