|
Gjennom studiet i drama/teater skal studenten utvikle spelkompetanse og innsikt i ulike dramatiske uttrykksformer. Studiet skal gi praktisk og teoretisk innsikt i skodespelarkunst, regi, scenografi, dramaturgi, dramapedagogisk teori og praksis og kunnskapar om teaterkunsten sin eigenart og historiske utvikling. Innhaldet i studiet legg vekt på å utvikle studenten både som drama/teaterpedagog og utøvar i ulike teaterproduksjonar.
Studiet gir grunnlag for arbeid som drama- og teaterpedagog i skule og kulturliv. Det kan gå inn i ei faglærarutdanning, men ønskjer ein å arbeide som lærar med drama som valfag eller som arbeidsform i andre fag og prosjektarbeid i skulen, vert du rådd til å ta inn undervisningsfag frå grunnskulen. Studenten må ha fullført eit praktisk pedagogisk studium i tillegg for å få undervisningskompetanse i skuleverket. Studiet dannar grunnlag for vidare mastergradsstudium i drama og teater.
Delar av studiet skal kunne takast ved utanlandske institusjonar. Det vert arbeidd med å opprette kontakt med institusjonar i første rekkje i Norden og Europa. Men også andre studiestader kan vere aktuelle som til dømes studium i Australia. HVO sitt studietilbod Austral-Asia kulturstudium høver godt inn i drama/teaterstudiet. Dette kan takast i 3. studieåret i haustsemesteret.
|