Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret


Om Høgskulen / Kulturfag / Fagmiljø / Kroppsøving og friluftsliv /

Kroppsøving, idrett og friluftsliv

Kroppsøvingsseksjonen har meir enn 35 års erfaring med høgskuleutdanning innan kroppsøving, idrett,
leik og friluftsliv. Kroppsøving årsstudium/Grunnfag Idrett (60stp) vart etablert i 1971, og sidan den gong har meir enn 1000 studentar gått på ”idrettslinja” ved Volda lærarhøgskule – og frå 1994; Høgskulen i Volda. Vi har alltid rekruttert studentar frå heile landet til dette studietilbodet, og i dag finn vi våre ”kandidatar” i mange ulike yrke, både innan offentleg og privat sektor. Studieeininga vart starta som eit vidareutdanningstilbod for lærarar i skulen, men har og fungert som ein "inngangsport" for ungdom som vil studere kroppsøving/idrett/friluftsliv, eller berre ha eit spennande og aktivt studieår. No kan Kroppsøving årsstudium veljast 3. eller 4. år i lærarutdanninga  og det vil for dei fleste vere eit av åra i Bachelorstudiet i friluftsliv og kroppsøving. 

I dag er Fysisk fostring og Kroppsøving nemningar på fag innan førskule- og almennlærarutdanning, både på grunn-nivå og som fagtilbod innan fordjupingsdel av utdanning. Høgskulen i Volda var tidleg ute med å tilby tverrfagleg fordjupingseining  innan Utefag 30stp (Naturfag og Fysisk fostring) i førskulelærarutdanninga, og denne eininga har no vore ”på plakaten” over 20 år.

Friluftsliv har vore eit sentralt tema i vårt fagmiljø gjennom mange år, og frå ca. 1990 har dette vore prioritert satsingsområde for seksjonen. Satsinga førte m.a. til at det vart utvikla eit deltids-studietilbod på 30stp. tidleg på 1990-talet -  Friluftsliv halvårsstudium. Eininga har alltid vore finansiert ved studieavgift, men frå hausten 2002 vart denne eininga også ”gratis”, slik regelen er for alle andre ordinære studietilbod. Oppstarting av 60stp Friluftsliv årsstudium på 200 nivå hausten 2000, markerte eit høgdepunkt for den målretta satsinga som seksjonen gjorde vedtak om for ca. 15 år sidan!

Eit siste høgdepunkt var hausten 2003 då vi kunne starte Bachelor i friluftsliv og kroppsøving.  Alle kroppsøvingsseksjonen sine studium kan gå inn i dette bachelorstudiet der fordjupinga ligg i Friluftsliv årsstudium. 

Studieåret 2005/2006 starta kroppsøvingsseksjonen opp to nye 15stp emne som deltidsutdanning: Ballspel og Skiutdanning, dette ser ut til å bli svært populære studium som kan inngå i Bachelor i friluftsliv og kroppsøving. Ballspel om hausten og Skiutdanning om våren. Begge emna kan inngå i bachelorstudiet.

 

Som de ser har vi ein rikhaldig ”meny”, har de spørsmål til noko av det som de finn på våre heimesider, kan de ta kontakt med:
Seksjonsleiar Frode Sætre – tlf. 70 07 5274 eller bachelorkoordinator Arnfinn Haug- tlf 70 07 52 87.      

 
Studietilbod            
Faglenkjer           Faglærarar

            

Biletgalleri:  

    

Aktuelt
Segling
Volda skisenter
Bjorli 
Fjellski
Brevandring
Sunnmørsalpane
                        
   Fantastiske skiforhold i Sunnmørsfjella for tida (7.feb 2007) Klikk på biletet for å sjå video.


Idrettsbygget ved HVO

Symjehallen, 25 m basseng med stypetårn

Ein av seglbåtane ved Yksnøya

Topptur i Sunnmørsalpane






 



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Synnøve Amdam 24.10.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning