|
Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL) vart oppretta 1.august 2007 då Høgskulen iverksette omorganisering med ny avdelingsstruktur. Avdelinga er delt i fire institutt: Institutt for realfag, Institutt for pedagogikk, Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag (RLK) samt Institutt for språk og litteratur. I tillegg utgjer lærarutdanningane ein stor del av denne avdelinga. For ei fullstendig oversikt over fagtilboda som dei ulike institutta tilbyr, vel du studietilbod i menyen til venstre.
AHL er den største avdelinga ved høgskulen og har omlag 90 tilsette og 800 studentar.
Avdelinga er no spreidd på fleire bygningar: Berte Kanutte (BK) - 2.etg, Kaarstad - 2.etg, Nedretun og Strøm. Om eit par år skal avdelinga etter planen vere samla i BK og eit nytt bygg i tilknyting til BK.
Dekan Dekanen er fagleg og administrativ leiar for avdelinga. Dekan er Rakel Christina Granaas.
Studieleiar Det er studieleiar på lærarutdanningane og på alle master- og bachelorprogram. Studieleiar har det utøvande ansvaret for at undervisninga og drifta av studiet er av god kvalitet.
Avdelingsråd Avdelingsrådet er rådgjevande organ for dekanen og skal medverke til god dialog mellom avdelingsleiinga, dei tilsette og studentane. Rådet kan sjølv ta initiativ til å få saker på sakskartet og be avdelingsleiinga om å få dei utgreidde. Rådet er sett saman av 3 - 5 fagtilsette på avdelinga, 1 adm.tilsett, 2 studentar og 1 - 2 eksterne medlemer. Reglement for avdelingsrådet
|