Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret


Om Høgskulen / Mediefag /

Avdeling for mediefag



 Høyr helsinga frå dekan Sverre Liestøl (pop-up)     Sjå den nye HVO-filmen (ny side)

”Media i Volda” er truleg den mest kjende fagutdanninga for medieyrke i Noreg. Heilt sidan  1971 har det som i dag er Avdeling for mediefag (AMF) ved Høgskulen i Volda utdanna fagfolk til norsk mediebransje. AMF har treårige bachelorutdanningar i journalistikk, informasjon og media og i animasjon. I tillegg tilbyr AMF ei eittårig utdanning i fjernsynsreportasje og dokumentar. Medievitskap er ein del av bachelorutdanningane, og studentane får tilbod om valfrie, mediefaglege emne. Mange av våre studentar reiser til universitet i utlandet og studerer eitt eller to semester. I alt har avdelinga om lag 250 studentar.

Det er om lag 30 tilsette og engasjerte ved avdelinga, og i tillegg kjem stipendiatar, kurshaldarar og gjesteførelesarar. Dei tilsette driv aktivt med forsking og fagleg utvikling, og den tyngste satsinga er for tida prosjektet ”Journalistikk i endring: Ny teknologi, ny økonomi – nytt samfunnsoppdrag?” Det tekniske utstyret er moderne og tilgjengeleg for studentane heile døgnet, heile veka. I utdanningane blir det lagt vekt på at teori og praksis skal gå hand i hand, og kontakten med dei ulike bransjemiljøa er tett og god, ikkje minst gjennom ei anerkjend praksisordning.

Interessert i å søke til opptaket i 2008? Poenggrenser for
opptak finst på
Samordna opptak sine sider.
Vend deg til
Studentkontoret når du vil ha søkadsskjema.

Ekspedisjon:  i 2. etasje, Aasen-huset
Tlf:
70 07 50 69
Fax:
70 07 50 52
Post:
Høgskulen i Volda
Avdeling for mediefag
Postboks 500
6101 Volda



Skriv ut  Skriv ut

 AMF Aktuelt
Aller siste Næravisa i haust
12.10.2007


 Studentmedia
Nærnett
Næravisa
Studentradioen
Volum filmklubb
Oppdatert av Amina Loukili 20.09.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning