Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret


Om Høgskulen / Kulturfag / Fagmiljø / Kroppsøving og friluftsliv /

Studietilbod i kroppsøving


På desse sidene finn du oversikt over studietilboda ved kroppsøvingsseksjonen.

Bachelor i Friluftsliv og Kroppsøving, 3 år - 180 stp.
I bachelorstudiet friluftsliv og kroppsøving vert det lagt vekt på å gi studentane gode naturopplevingar, lærerike utfordringar og spanande fysiske aktivitar i eit stimulerande fagleg og sosialt miljø. Som ramme kring opplæringa ligg den storslagne sunnmørsnaturen med hav, kyst, fjordar og steile tindar.
Les meir>>

Grunnutdanning:
Fysisk fostring - 10 stp.
Fysisk fostring inngår som ein obligatorisk del av førskulelærarutdanninga 1. studieår. Studiet legg vekt på betydninga av eit stimulerande leikemiljø der barn får varierte kroppslege utfordringar. Ulike rørslemiljø vil bli belyst. Vidare skal studiet øve opp førskulelæraren til å utnytte dei mulegheitene som ligg i barnehagen sitt nærmiljø for dermed å gi barna større mulegheiter til fysisk utfalding samtidig som dei også får meir kunnskap om heimstaden sitt kultur- og samfunnsliv.
Les meir>>

Utefag - 30 stp. på 100 nivå
Utefag er ei tverrfagleg fordjupningseining i 3. studieår på førskulelærarutdanninga, men studiet er også tilrettelagt med tanke på vidareutdanning. Studiet er retta mot arbeid med barn i førskule og småskule, med lik vekting og integrering av fysisk fostring og naturfaglege emne både i teori og praksis. Så langt som mogleg vil friluftsliv vere ramme for undervisninga, med vekt på leik og læring i naturen gjennom dei ulike årstidene. Gjennom opplevingar, aktivitetar og drøftingar skal faget stimulere til uteaktivitet med barn i barnehage og skule året rundt. Studiet inngår i "Bachelor i Friluftsliv og Kroppsøving" her ved HVO og den kan nyttast i andre Bachelorstudium både her ved HVO og ved andre høgskular. Studiet kan også takast som frittståande studie.
Les meir>>

Kroppsøving i lærarutdanninga 
Hausten 2005 fekk den nye lærarutdanningsmodellen innverknad på kroppsøvingstudiet. Kroppsøving kan no veljast som ei 30stp eller 60stp eining. 3.eller 4. studieåret.


Kroppsøving 1 - 30 stp. på 100 nivå
Kroppsøving 1 skal primært førebu studentane til arbeid i grunnskulen. der faget sitt praktiske innhald skal vektleggjast, samtidig som refleksjon og vurdering skal integrerast i det praktiske arbeidet. Kroppsøving 1 er den fyrste studieeininga på 30 stp  og kan veljast/søkjast som ei sjølvstendig eining med mulegheit til å utvide kroppsøving til eit 60 stp  ved å gå Kroppsøving 2 seinare eller den kan veljast/søkjast saman med Kroppsøving 2 i same studieår (Sjå Kroppsøving årstudium (K1 + K2 = K4) 60 stp. 
Kroppsøving 1 kan veljast av studentar tredje eller fjerde studieår i lærarutdanninga, søkjast av lærarar som vidareutdanning eller av andre studentar som ordinært studie.  Studiet  inngår i "Bachelor i Friluftsliv og Kroppsøving" her ved HVO og den kan nyttast i andre Bachelorstudium både her ved HVO og ved andre høgskular. Studiet kan også takast som frittståande studie
Les meir>>

Kroppsøving 2 - 30 stp. på 100 nivå
Kroppsøving 2 er primært innretta mot arbeid i skulen der faget sitt praktiske innhald skal vektleggjast, samtidig som refleksjon og vurdering skal integrerast i det praktiske arbeidet..
Studieeininga kan veljast/søkjast av studentar som har Kroppsøving 1 frå før og vil utvide kroppsøving til 60 stp. Den kan veljast saman med Kroppsøving 1 i tredje eller fjerde studieår, søkjast som vidareutdanning eller som grunnutdanning (Sjå Kroppsøving årsstudium (K1 + K2 = K4) 60 stp. Studiet inngår i "Bachelor i Friluftsliv og Kroppsøving" her ved HVO og den kan nyttast i andre Bachelorstudium både her ved HVO og ved andre høgskular. Les meir>>

Kroppsøving 4 (K1+K2=K4) - 60 stp. på 100 nivå
Dette studiet er primært innretta mot arbeid i skulen, men kan også danne eit godt grunnlag for arbeid i andre felt. Studiet inngår i "Bachelor i Friluftsliv og Kroppsøving" her ved HVO og den kan nyttast i andre Bachelorstudium både her ved HVO og ved andre høgskular. Faget sitt praktiske innhald skal vektleggjast, samtidig som refleksjon og vurdering skal integrerast i det praktiske arbeidet. Studentane vil få praktisk erfaring med personar med ulike hjelpebehov gjennom Spenningskurset.
Dette studiet er sett saman av Kroppsøving 1 og Kroppsøving 2 på 30stp kvar og går over eit heilt studieår.
Studiet kan veljast i 3. eller 4.år i lærarutdanninga, det kan søkjast som vidareutdanning for lærarar og det kan søkjast som grunnutdanning.
Les meir>>

Friluftsliv - 30 stp, deltid på 100 nivå
Studiet gjev ei generell rettleiarutdanning i friluftsliv for arbeid med barn og ungdom i barnehage, skule, skulefritid og fritid, og er sett saman av 4 intensive studiesamlingar - 2 på hausten og 2 på vinter/vår (kvar samling er på 6 dagar). Sidan studiet er tilrettelagt som deltidsstudium høver det godt for dei som vil kombinere studier og jobb. Studiet inngår i "Bachelor i Friluftsliv og Kroppsøving" her ved HVO og den kan nyttast i andre Bachelorstudium både her ved HVO og ved andre høgskular. Studiet kan også takast som frittståande studie
Les meir>>

Skiutdanning - 15stp deltid på 100 nivå
Emnet går om våren og er organisert som to vekessamlingar.
Studiet inngår i "Bachelor i Friluftsliv og Kroppsøving" her ved HVO og den kan nyttast i andre Bachelorstudium både her ved HVO og ved andre høgskular. Studiet kan også takast som frittståande studie

Ballspel - 15stp deltid på 100 nivå
Emnet går om hausten og er organisert som fire samlingar med tre dagar i kvar samling.
Emnet inngår i "Bachelor i Friluftsliv og Kroppsøving" her ved HVO og den kan nyttast i andre Bachelorstudium både her ved HVO og ved andre høgskular. Emnet kan også takast som frittståande emne

Fordjuping:
Friluftsliv fordjuping - 60 stp på 200 nivå
Omfattande innføring i friluftsliv både på det teoretiske og praktiske området, med stor vekt på opphald i ulike naturmiljø. Opptakskrav er fullført 30stp friluftsliv/kroppsøving.  Studiet inngår som fordjuping i "Bachelor i Friluftsliv og Kroppsøving" her ved HVO og det kan nyttast i andre Bachelorstudium både her ved HVO og ved andre høgskular.                                                          
Les meir>>



Felles for dei ulike studietilboda er at dei gjer til dels stor nytte av naturen på Sunnmøre og i Nordfjord. HVO ligg midt mellom Sunnmørsalpane og byd på svært varierte landskapsformer, med korte avstander frå fjord til kvasse tinderekkjer.

Bildet til venstre er frå "Bladet" på baksida av tinderekkja i Molladalen, Ørsta. Det er ikkje pensum å bestige denne pinakkelen..

Studiepoenga tilsvarar den internasjonale nemninga ECTS study points/credits.


       

Attende



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Ivar Hagen 26.04.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning