|
Førskulelærar er yrket for deg som har lyst til å arbeide med små barn. Etter fullført utdanning er du kvalifisert for pedagogisk arbeid i barnehagar, med 6-åringar i grunnskulen, i skulefritidsordninga og for pedagogisk arbeid med barn på tilsvarande utviklingssteg i andre institusjonar.

Kort om programmet: Førskulelærarutdanninga har som si primæroppgåve å skape forståing og innsikt hjå studenten i kva det vil seie å vere kompetent i møte med barn i barnehagen og 1. skuleår. Studiet er yrkesretta og praksisbasert og tek utgangspunkt i førskulelæraren sine arbeidsområde, gjeldande planar og lovverk.
Kva lærer du: Gjennom studiet skal studentane utvikle: - Fagleg kompetanse: Kunnskap i dei einskilde faga og emne på tvers av fag. - Didaktisk kompetanse: Kunnskap om barn, barndom og pedagogisk arbeid med små barn, om leik og leiken sin plass i barnet sitt liv og læring, og om kreativitet og skaparglede. Evna til å kartleggje, planleggje og vurdere førebyggjande tiltak og tilpassa opplæring for barn med og utan særskilde behov. - Sosial kompetanse: Forståing for og evne til nært samarbeid mellom barnehage,heim og andre samarbeidspartar. Kunnskap og tame i leiing, samarbeid og pedagogisk rettleiing. - Endrings- og utviklingskompetanse: Evne til å vurdere organisasjonsutvikling og samfunns endringar som har innverknad på barnehagen, til å initiere og takle endringar. - Yrkesetisk kompetanse: Evne til å reflektere over institusjonen sitt verdigrunnlag og eigne verdiar, haldningar og veremåte, og etiske utfordringar i yrket.
Oppbygging og gjennomføring: Utdanninga omfattar ein obligatorisk del på 150 studiepoeng med stor fagleg breidde, og ein valfri del på 30 studiepoeng. Den valfrie delen er ei fordjuping i eit fag eller fagområde som har relevans for arbeidet i barnehagen og kan vere ei påbygging av eit eller fleire fag i utdanninga.
Praksis har eit samla omfang på 20 veker. Praksis skal vere ein integrert del av alle fag og all fagdidaktikk, slik at kunnskap vert utvikla med praksisfelt, fagstudium og refleksjon som læringsarena. Utdanninga er organisert i temablokker og legg vekt på studentaktive læringsformer og læring i eit sosialt samspel.
Nokre fag legg delar av undervisninga til miljø utanfor høgskulen og studentane må difor rekne med kostnader til slike ekskursjonar. 2. studieåret er ein fagplanfesta studietur på inntil ei veke.
Vegen vidare jobb og studium: Utdanninga kvalifiserer for pedagogisk arbeid i barnehage, i 1.klasse i grunnskulen, SFO og med barn på tilsvarande alderssteg i andre institusjonar.
Studiet kvalifiserer for opptak til relevante mastergrader i Noreg og i utlandet.
Utanlandsopphald: Førskulelærarutdanninga har kontakt med Kalmar i Sverige, Vasa i Finland og Holbæk i Danmark. Ved desse institusjonane kan ein ta større eller mindre delar av studiet i fag / emne som går inn i utdanninga. Feltarbeidet i pedagogikk og samfunnsfag 3. studieåret kan takast i utlandet.
|