Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret


For søkjarar / Studietilbod /

Kroppsøving

Kroppsøving årsstudium 60 stp

Kroppsøving 1 30 stp

Kroppsøving 2 30 stp

Kort om studieprogramma:
Fagstudia i kroppsøving er primært innretta mot arbeid i grunnskulen. Studia skal kvalifisere studentane for undervisning i kroppsøving og vere ei hjelp til personlig utvikling og vekst. Studia har differensierte studieløp og kan veljast både av studentar som har fullført kroppsøving i lærarutdanninga (15 stp) og av nye studentar utan kroppsøving frå før. Alle studentar må gjennomføre ei felleseining på 15 stp.

Kva lærer du:
Gjennom praktiske aktivitetar, teoretiske emne og undervisningspraksis skal studentane tileigne seg dugleik, erfaring, kunnskap og innsikt i fagområdet kroppsøving.

Studentane skal m.a. tileigne seg røynsler og innsikt i dei idrettsaktivitetar som er forpliktande for kroppsøvingsundervisninga
i grunnskulen, og få innsikt i og praktisk røynsle med idrett, dans og friluftsliv.

Oppbygging og gjennomføring:
Kroppsøving årsstudium er sett saman av Kroppsøving 1 og Kroppsøving 2 som går parallelt over to semester. Årsstudiet i kroppsøving består av 4 emne, det blir undervist i FKR101 og FKR102 i haustsemesteret, og i emne FKR103 og FKR104 i vårsemesteret (FKR = Friluftsliv og Kropsøving).

Emne som inngår i studiet:
- FKR101: Inn i kroppsøving/idrett
- FKR102: Kroppsøving i grunnskulen I (småskulesteget og mellomsteget)
- FKR103: Idrett og kroppsøving
- FKR104: Kroppsøving i grunnskulen II

Rekkjefølgje:
FKR101 må takast før FKR103. Og FKR102 må takast før emne FKR104.

Delemne:
Det vil det bli gjennomført eit innføringskurs med følgjande delemne:
- FOU-arbeid i kroppsøving
- Former for utviklingsarbeid i kroppsøving
- Forskningsmetodikk
- Vitskapsteori
- IT i kroppsøvingsfaget
- IT og literatursøk

Det vert veksla mellom forelesningar, praktisk arbeid, gruppearbeid, kollokvium,
sjølvstudium og eigentrening, ekskursjonar/kurs. Ein må rekne med at det vert noko utgifter til reiser og kurs, litteratur, personleg utstyr, kle, fottøy, sovepose, liggjeunderlag, ski osv.

Praksis:
Studentane skal være med på å planeleggje og undervise barn med særlige behov i samband med Kurs og vinteraktvitetsveka på Bjorli vinteren 2005. Omfanget av denne praksisen vil være ca. 20 timar medragna planlegging/samtale med lærar/rettleiar. I tillegg skal studentane ha 20 timar praksis, enten skulepraksis eller instruksjonspraksis i idrettslag/frivillige institusjonar.

Vegen vidare - jobb og studium:
Kroppsøvingsstudia skal kvalifisere studentane for arbeid innan alle skuleslag, frivillige organisert og uorganisert idrett og i annan privat og offentleg verksemd som vaksenopplæring, Forsvaret, kultur- og fritidssektoren osv.

Studia kan veljast i valfri del av allmennlærarutdanninga, eller inngå i ein sjølvvalt fagkrets med 1-årig praktiskpedagogisk utdanning (PPU). Kroppsøving årsstudium kan danne grunnlag for vidaregående studium/mellomfag i idrett/kroppsøving/friluftsliv. Studiet kan mellom anna inngå i ein Bachelor i friluftsliv og kroppsøving ved Høgskulen i Volda.



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Vidar Seland 05.04.2004
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning