|
 |
Reynell Development Language Scales blir nytta til kartlegging av impressivt og ekspressivt språk hjå førskuleborn og eldre born som språkleg fungerer på førskulenivå. Ved å få godkjend 5 testar på born i aktuell alder blir deltakarane sertifiserte. |
Kurshaldar Grete Dalhaug Berg, høgskulelektor i spesialpedagogikk ved Høgskulen i Volda.
Målgruppe Spesialpedagogar med godkjend spesialpedagogikk 1. avdeling. (Tilsvarande masteremne 1 - 3 ved Høgskulen i Volda).
Opptakskrav Det er ein fordel å vere i arbeid med born, ungdom eller vaksne for å ha tilgang til utprøvinger av studieopplegg og praksis. Deltakarane må sjølv skaffe seg tilgang til ein Reynell testkoffert.
Undervisning - Kursleiar går gjennom testen - Eigenaktivitet
Uttelling Etterutdanning med kursbevis
Kurspris 1500 kroner - Dette inkluderer kontroll av testprotokollar etter avslutta kurs.
Kursrabatt Dersom du ønskjer å melde deg på både Reynell- og ITPA-kurset kan vi tilby ein redusert pris på 3200 kroner. Du må då melde deg på begge kursa innan 21. mai.
Tidspunkt Fredag 15. oktober, klokka 15 - 19 Laurdag 16. oktober, klokka 9.15 - 15 Fredag 3. desember, klokka 15 - 19
Søknadsfrist 1. oktober. (Viss du ønskjer å ta begge kursa med rabatt må du søkje innan 21. mai).
Kontakt Kontoret for etter- og vidareutdanning ved Signe Valsø | T: 70 07 53 18 | E-post: sva@hivolda.no |
|