|
Logg deg inn i Studentweb:

Skriv fødselsnummer (11 siffer) - trykk på OK/GÅ VIDARE Skriv inn PIN-kode (4 siffer) - trykk på OK/GÅ VIDARE. PIN-koden finn du på giroen for betaling av semesteravgift.
Etter innlogginga kjem du til hovedmenyen i Studentweb:

På denne sida ser du mellom anna om semesteravgiftinnbetalinga di er registrert og om utdanningsplanen din er stadfesta for komande semester.
Gå til Utdanningsplan i menyen til venstre:
Du kjem no til den generelle delen av utdanningsplanen. Her finn du informasjon som er viktig for deg i utfyllinga av utdanningsplanen. Den generelle delen ser du her berre første gongen du går gjennom utdanningsplangodkjenninga, men du finn han når som helst att i hovedmenyen i Studentweb.

Les informasjonen du finn under ”Les meir”-lenkjene på sida. Kryss av for at du har lese dokumenta og trykk på OK/GÅ VIDARE. Du kryssar av ved å klikke på firkantane til venstre for teksta ” Eg har lese og ….”.
Individuell del

Du er no koen til den individuelle delen av utdanningsplanen. Ein del obligatoriske emne i studiet kan allereie vere lagt inn i planen. Du må sjølv setje inn emne dersom - du kan velje tidspunkt sjølv for dei obligatoriske emna i studiet - du har valfrie emne i studiet ditt
Korleis du skal sette inn emne kan du lese meir om i dei neste punkta. Du finn meir informasjon om dei einskilde studia og emna i studieinformasjonsportalen på nettet. Skal du ikkje velje emne i planen kan du hoppe direkte til punktet om lagring av utdanningsplanen.
Setje inn nytt emne Trykk på ”Sett inn nytt emne” til høgre for det semesteret du ønskjer å legge til emne i. Du kjem då til eit bilete som ser slik ut:

Denne sida viser kva emnegrupper som er tilgjengelege for studiet du tek. Trykk på den vesle pila/plussteiknet til venstre for kvar emnegruppe for å kome ned til dei einskilde emna i emnegruppa.

I oversikta vel du emna du vil setje inn i planen din ved å klikke ”Velg dette emnet”.
Dersom du vel eit emne som ikkje kan takast i dette semesteret, får du opp ei melding med spørsmål om du vil ta emnet i eit anna semester – då må du velje riktig semester og klikke ”Legg til emne i planen”:

Du kan leggje til emne for seinare semester, men desse kan endrast seinare.
Ver merksam på at nokre emne gå over to eller fleire semester. Du får då først studiepoeng i eksamenssemesteret, slik at det ser ut som om du tek for lite i eitt semester og for mykje i eit anna. Dette er utan betydning for studiet ditt.
Gjenta dette for kvart emne du skal legge til i planen.
Lagre planen Når du har lagt til emna du skal ta kjem du tilbake til dette biletet:

Legg merke til at du kan slette emne frå planen og flytte emne framover i tid. Dersom eit emne kan flyttast dukkar det opp ein meny til venstre for det emnet, der du kan velje eit nytt semester. Etter å ha valt nytt semester klikkar du på ”Utfør endringar” nede til høgre på sida.
Lagre planen ved å klikke ”OK – Lagre plan”.
Meld deg til eksamen
Når du har lagra planen din kjem du til eit bilete der du skal stadfeste eksamens- og undervisningsmeldingane dine for komande semester.

Nokre emne kan vere ført opp utan eksamensordning, desse blir lagt inn seinare i semesteret og vil då automatisk kome opp i planen din.
Gjer følgjande: - Vel eksamenstidspunkt på kvart emne - Trykk ”Ja” på at du følgjer undervisning på kvart emne - Trykk på OK / GÅ VIDARE
På nokre emne får du opp ein knapp som heiter "Stadfest undervisningspåmelding" - denne må du klikke deg inn på for å stadfeste at du følgjer undervisning i emnet i komande semester.
Retur til hovedmenyen i Studentweb:

Legg merke til at hovedmenyen no viser datoen for stadfesting av utdanningsplan.
Sjekk semesteradressa di Du har no fullført registrering av utdanningsplan for inneverande semester og meldt deg til undervisning og ordinære eksamenar. Hugs å sjekke at adressa som står oppført under Semesteradresse i menyen til venstre er korrekt.
Endre planen? Neste gong du loggar deg på Studentweb får du opp den generelle delen av utdanningsplanen i menyen til venstre under ”Innsyn”. Du kan gjere endringar i den individuelle delen av planen fram til fristen for semesterregistrering er ute under ”Oppdatere status”. Du kjem då direkte til den individuelle delen av utdanningsplanen.
|