Skriv ut Sideoversikt |  



Studietilbod 05-06
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden



 Kontaktinformasjon

Høgskulen i Volda
Postboks 500,
6101 Volda

Telefon: 70 07 50 00
Telefaks: 70 07 50 51
Besøksadresse:
Joplassvegen, 6101 Volda

postmottak@hivolda.no

For studentar / Opptak og registerering /

Undervisningsopptak og semesterregisterering

Alle studentar må innan gitte fristar kvart semester søkje om undervisningsopptak gjennom utdanningsplanen/semesterregistreringa i Studentweb. Vi forventar også at studentane sjekkar svar på undervisningsopptaket etterkvart som dette blir publisert i Studentweb, for å sjå om dei har fått plass på emna dei har valt.

 

Kva fristar som gjeld er avhengig av kva studentkategori du er i:

 

  • Bachelor- eller masterstudent
    For studentar med studierett på bachelor- eller masterprogram er Studentweb open for søknad/melding til undervisning i perioden 11. november til 1. desember. 
    (For nov./des.-05 er perioden endra i høve oppsett plan)

Registreringa gjeld både obligatoriske, valbare (innan studieprogrammet) og valfrie emne (frå andre studieprogram). Dei fleste obligatoriske emna blir automatisk innvilga, medan andre emne går gjennom ein søknadsprosedyre der studenten etterkvart vil få fram ei melding i utdanningsplanen sin om emnet er innvilga eller ikkje. Dette er avhengig av om forkrav er stetta eller kapasiteten på emnet. Studentane kan i enkelte tilfelle endre på rekkefølgja mellom obligatoriske og valbare/valfrie emne, samt legge inn tilleggsemne utover 30 studiepoeng pr.semester.

 

Registrering etter 1. desember medfører mindre valfridom. Då vil berre emna som er knytt til programmet ditt vere tilgjengeleg i ordinær semesterregistreringsperiode 15. desember – 1. februar.
(Perioden er utvida i høve oppsett plan
)

 

Klikk på lenkene under for å få fram oversikt over valbare/valfrie emne for våren 2006:  

 

Emnevalsliste for bachelorstudentar (xls-fil)

Emnevalsliste for masterstudentar (xls-fil)

 

 

  • Allmennlærarstudentar, årsstudentar og studentar på kortare studieprogram

For allmennlærar- , års- og deltidsstudentar på korte program er Studentweb open for søknad/melding til undervisning i perioden ca. 15. desember til 1. februar.
(Perioden er utvida i høve oppsett plan
)

 

Normalt får du opp førehandsdefinerte emne i utdanningsplanen som følgjer studieplanen for studieprogrammet ditt. Nokre emne kan ha forkrav eller avgrensa kapasitet, slik at dei må gjennom ein søknadsprosedyre der studenten etterkvart vil få fram ei melding i utdanningsplanen sin om emnet er innvilga eller ikkje.

NB! Allmennlærarstudentar sine fagval er førhandsregistrerte i Studentweb og skal ikkje endrast utan avtale med programansvarleg.

 

 

Alle kan justere utdanningsplanen sin fram til registreringsfristen 1. februar
(med atterhald om ledig kapasitet på emna).

 

>> Gå til Studentweb



Skriv ut  Skriv ut


Søk etter tilsette
Søk etter studentar
Utvida søk

 Aktuelt for studentar
Internasjonal dag 2006
blir 8. februar

17.11.2005

Ny ordbokteneste i biblioteket
21.09.2005


 Studentaktivitetar

Studenttinget i Volda

Studenthuset Rokken

Friluftsgruppen Natura

> Lag og organisasjonar

 Studentmedia
Nærnett
Næravisa
Studentradioen
Oppdatert av  Kristian Fuglseth 16.11.2005
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning