|
Malaysia er eit spennande multikulturelt land. Den kulturelle og politiske eliten er muslimske malayar. Men kinesarane er den økonomiske eliten, og indarane er tredje store etniske gruppe. I tillegg ber landet preg av europeisk påverknad frå portugisarar, nederlendarar og britar. Hassan Muthalib har vore ein sentral kulturpersonlegdom i Malaysia dei siste 30 åra. Han er filmskapar, forfattar, skodespelar og debattant, dessutan underviser han i semiologi og gestaltpsykologi, film og litteratur.
Sidan Hassan Muthalib vitjar Høgskulen i Volda akkurat under Forskingsdagane, har vi bedt han om å presentere det moderne muslimske Malaysia for å syne at Islam er mykje meir enn det biletet vi får gjennom norske media. Er Malaysia noko så sjeldan som eit muslimsk demokrati?
|