|
 |
Kontakt |
 |
|
|
|
|
Nyhende:
| Forsking på ekte leik |
- Ekte leik er barna sin måte å leve på, der dei sjølve avgjer kva dei skal leike, kvar, korleis og med kven denne leiken skal gå føre seg, seier Asbjørn Flemmen, som er ein av dei som har forska på korleis barn leiker i stimulerande rørslemiljø. Han har skrive eitt av kapitla i boka "Several Perspectives on Children’s Play". Seksten forskarar frå Vest- og Aust-Europa, Nord-Amerika og Asia skriv der om si forsking og sine perspektiv på leik.
[ Les meir ] - 01.11.2007
|
|
|
| Landsgymnasa i fokus på Ivar Aasen-tunet |
Som den første fulldekkjande framstillinga av dei tolv landsgymnasa som vart sett i gang for snart hundre år sidan, vert boka "Landsgymnaset" lansert på Ivar Aasen-tunet onsdag 31. oktober. Reidun Høydal, FoU-leiar ved Høgskulen i Volda, har skrive innleiinga. [ Les meir ] - 29.10.2007
|
|
|
| FoU-prisen for 2007 til Peder Haug |
Peder Haug, som er professor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda, fekk i dag tildelt FoU-prisen for 2007. I grunngjevinga for prisen vert det sagt at prisvinnaren har levert forsking av høg kvalitet, med relevans for lærarutdanningane og andre utdanningar ved høgskulen. Forskinga har ikkje minst fagleg relevans for praksisfeltet, som til dømes det pågåande prosjektet Kvalitet i opplæringa, finansiert av Noregs forskingsråd. [ Les meir ] - 23.10.2007
|
|
|
|
 |
FoU-nytt |
 |
|
|
|
|