|
 |
Forskingsfredag - på tvers |
Denne hausten dreg vi i gang eit felles forskingsforum for Høgskulen i Volda – på tvers av fag-, institutt- og avdelingsgrenser. Alle tilsette er hjarteleg velkomne både som deltakarar og tilskodarar, gjerne i varierande roller.
Initiativet kjem frå to nytilsette ved Institutt for språk og litteratur, Stephen Darren Dougherty og Bernt Øyvind Thorvaldsen. Dei skisserer opplegget slik:
Forskingsfredag gir tilsette høve til å presentere vitskaplege interesser og prosjekt i et ope forum. Alle som arbeider med artiklar, bokmeldingar, bøker, avhandlingar m.m., vert oppmoda om å bidra med innlegg. Føremålet med Forskingsfredag er å stimulere forskinga ved Høgskulen ved å etablere eit miljø der idear og interesser kan bli utveksla og diskutert på tvers av fag og disiplinar.
Tidspunktet for Forskingsfredag er den andre fredagen i kvar månad. Samlingane vert innleia av eit innlegg frå ein av de tilsette. Lengda på eit slikt innlegg kan variere frå ein halvtime til ein time. Føredragshaldaren kan presentere alt frå ferdige arbeid til lausare skisser og idear. Etter presentasjonen vert innlegget diskutert. Det vert også servert forfriskingar.
Har du spørsmål, kan du kontakte Bernt Øyvind Thorvaldsen, tlf. 70 07 50 63, bernt.thorvaldsen@hivolda.no Stephen Darren Dougherty, tlf. 70 07 53 26, StephenD@hivolda.no
Presentation of Forskingsfredag in English
Forskningsfredag offers an opportunity for staff to share research interests and writing projects in an open and collegial forum. We encourage staff members who are currently working on articles, review essays, books, dissertations, etc. to bring their work to the table. Our main goal is to foster research at Volda University College by building a research community where ideas and interests can be shared across the disciplines.
Forskningsfredag will be held on the second Friday of each month. The event will begin with a featured presentation by a staff member. Presentations might vary in length from thirty minutes to an hour. Featured speakers might read from finished text, or prepared notes, or anything in between. Round table discussion will follow the presentation. Refreshments will be served.
|