|
Korleis bør ein presentere Ibsens drama for at dei skal opplevast som aktuelle og engasjerande for dagens unge? Dette spørsmålet er utgangspunkt for seminaret, som først og fremst rettar seg mot lærarar i vidaregåande skule og presenterer nye måtar å lese Ibsen i skulen på.
Førsteamanuensis Anne Marie Rekdal tek utgangspunkt i korleis Ibsen har vore presentert i skulen gjennom 100 år og presenterer heilt nye vinklingar på dei mest aktuelle drama i skulen i dag – Peer Gynt, Et dukkehjem, Gengangere, Vildanden og Hedda Gabler. Hennar tolkingar av Ibsens drama er i tråd med tendensar innanfor vår tids Ibsenforsking, og tekstane vert utforska ut frå vår tids perspektiv på identitet og subjektivitet. Anne Marie Rekdal har ei overordna didaktisk vinkling og diskuterer kvifor Ibsen framleis forsvarar sin plass i skulen, og kven de unge er som skal møte Ibsen i dagens klasserom.
| Seminaret omfattar både forelesingar og enkle øvingar til bruk i klasserommet. Innhaldet er tett knytt opp til boka Skolens gjenganger? Et pedagogisk blikk på Ibsen som Anne Marie Rekdal nyleg gav ut på Universitetsforlaget (august 2004). Ho har også ei doktoravhandling om Ibsens drama og har gitt ut Frihetens dilemma. Ibsen lest med Lacan (Aschehoug 2000) og Et skjær av uvilkårlig skjønnhet. Henrik Ibsens Hedda Gabler (Cappelen /LNU 2001). I tillegg har ho lang undervisningserfaring både frå grunnskule, vidaregåande skule og lærarutdanninga. |
 |

|