Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden



 Kontakt
Høgskulen i Volda
Postboks 500,
6101 Volda

Telefon: 70 07 50 00
Telefaks: 70 07 50 51
Besøksadresse:
Joplassvegen 11, 6101 Volda

  Postmottak@hivolda.no
  Til kontaktsider
Forsking og utvikling / Forskingsdagane 2007 / Forskingsdagane 2004 /

Integrasjon av flyktningar i lokalmiljøa

 Innleiarane på seminaret vil vere både frå praksisfeltet og frå forskingsmiljøet i Volda. To av dei har vore med på prosjektet Etnisitet og mangfald i Møre og Romsdal, som vart gjennomført av Møreforsking Volda på oppdrag frå Møre og Romsdal Fylkeskommune. Høgskulelektor Ingun Klepp ved Høgskulen i Volda har gitt ut arbeidsrapporten Trivsel og integrasjon blant etniske minoritetar (2003). Masteroppgåva til Nina Kvalen, som var masterstudent i samfunns-planlegging ved Høgskulen i Volda, er også eit resultat av dette prosjektet. Den har tittelen Bosetting og integrering av etniske minoriteter i en by- og bygdekommune på Nordvestlandet (2003).

 

Tid:     Måndag 20. september kl. 12.00-15.30
Stad:    Høgskulen i Volda, Hans Strøm-huset, rom 243

 

Seminarprogram:

 

Jostein Bjørndal:

Møte med flyktningar i og etter ein krigssituasjon

Jostein Bjørndal er tilsett ved det kommunale Vaksenopplæringssenteret i Volda, men har også lang erfaring frå norske og utanlandske hjelpeorganisasjonar. Han har arbeidd i fleire afrikanske land i krigssituasjonar. I foredraget sitt vil han m.a. snakke om erfaringane sine frå arbeidet med flyktningar i Rwanda, Sudan og Somalia/Kenya. I 1988 gav han ut boka Wagalla-massakren. Noreg i tyranniets ærend? (Samlaget).

                          

Neil Le Clercq:
Erfaringer med inkludering av innvandrere i den lokale miljøet og bosetting fra asylmottak

Neil Le Clercq er aktivitetsleiar og busetjingsansvarleg på Søre Sunnmøre Statlege Mottak. I sitt foredrag vil han snakke om korleis ein i eit desentralisert mottak arbeidar med å inkludere bebuarane i det lokale samfunnet. Dette inkluderar erfaringar med kartlegging, forskjellige kvalifiseringstiltak og det å finne ei kommune å busetje i.

 

PAUSE

 

Nina Kvalen:

Erfaringer med samarbeid mellom ulike aktører i arbeidet med introduksjonsprogram

Nina Kvalen er innvandrarkonsulent i Volda kommune og tidlegare masterstudent ved Høgskulen i Volda. Ho vil presentere empiriske hovudfunn frå forskingsprosjektet sitt (sjå framside). Innlegget vil supplerast med erfaringar Kvalen har frå arbeidet som innvandrarkonsulent. Mange aktørar er involvert i arbeidet med grunnleggjande kvalifisering av nyankomne innvandrarar: Den nyankomne sjølv, kontaktpersonen, norsklæraren, Aetat, næringslivet, utdanningsinstitusjonar m.v. Korleis handlar det nettverket av relasjonar som er involvert, når avgjersler skal fattast og oppgåver løysast?

 

Ivar Ulvestad:

Opplæring som integreringsverkty

Ivar Ulvestad er rektor ved det kommunale Vaksenopplæringssenteret i Volda. Han har dei siste fem åra vore rektor ved Grønland voksenopplæringssenter, som er fengselsundervisninga for fengsla i Oslo kommune. Han har også 24 års lærar- og administrativ praksis derfrå. I foredraget sitt vil han snakke om sine erfaringar frå vaksenopplæringa – både i fengselsundervisninga og i Volda kommune.

 

PAUSE

 

Ingun Klepp:

”Må vi bli like nordmenn for å bli integrerte?” Minoritetsperspektiv på møte med norske lokalsamfunn

Ingun Klepp er høgskulelektor ved Høgskulen i Volda. Ho vil ta utgangspunkt i flyktningar sitt møte med lokalsamfunnet og presentere funn frå forskingsprosjektet i regi av Møreforsking Volda (sjå framside). Innlegget rettar fokus mot sosiale prosessar som kan gi nokre forklaringar på kvifor flyktningar som gruppe i stor grad er fråverande på ein del sentrale arenaer i lokalsamfunna. Hovudfokus vil vere flyktningane sine syn på eigen livssituasjon og kva dei ser på som viktige faktorar i ein integrasjonsprosess.

 



Skriv ut  Skriv ut

 FoU-nytt
Nytt prosjekt: Kvalitet i opplæringa - om tilpassa opplæring
13.02.2007



Søk etter tilsette
Søk etter studentar
Utvida søk
Oppdatert av Bente Gunn Lien 09.09.2004
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning