Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden



 Kontakt
Høgskulen i Volda
Postboks 500,
6101 Volda

Telefon: 70 07 50 00
Telefaks: 70 07 50 51
Besøksadresse:
Joplassvegen 11, 6101 Volda

  Postmottak@hivolda.no
  Til kontaktsider
Om Høgskulen / Kvalitetsarbeid / Mål for kvalitetsarbeidet /

Kapittel 2. Mål for kvalitetsarbeidet ved Høgskulen i Volda

 

HVO sitt kvalitetssystem skal bidra til å verkeleggjere høgskulen sin visjon om å vere


 Ein utviklingsorientert institusjon som i samarbeid og konkurranse med andre utdannings- og forskingsinstitusjonar driv utdanning, forsking, fagleg utviklingsarbeid og formidling med høg kvalitet
(Strategiplan for HVO 2006-2010).

 

Hovudmålet for kvalitetssystemet ved HVO er difor å bidra til ei kontinuerleg utvikling av studiekvaliteten. Eit godt utvikla kvalitetssystem skal medverke til at studentane gjennomfører studia på normert tid med tilfredsstillande resultat.

2.1            Kvalitetssystemet skal

-         synleggjere god kvalitet og avdekkje sviktande kvalitet

-         utvikle gode rutinar og arbeidsmåtar

-         fremje ein kvalitetsmedviten kultur

-         gi informasjon til leiinga og styret som grunnlag for avgjerder om prioritering og ressursfordeling

-         imøtekome krava til kvalitetssystem frå styremakter og tilsynsorgan

-         avklare kven som har ansvar for kva når det gjeld utviklinga av god studiekvalitet

 

Det er ofte ein tendens til at system med krav til omfattande dokumentasjon blir kontrollorienterte. Det er difor grunn til å streke under at eit kvalitetsutviklingssystem ikkje skal kontrollere, men forbetre. Berre på den måten kan vi skape ein kvalitetskultur som blir motiverande, slik at tilsette og studentar bidreg til ei stadig betring av studiekvaliteten og er medvitne om dei positive elementa i kvalitetsarbeidet ved HVO.

Arbeidet med betring av studiekvaliteten kan framstillast som ein prosess med fire fasar som stadig gjentek seg:

·        Planlegging:
Utarbeiding av mål for studium/emne og praktisk opplegg for undervisning, rettleiing og vurdering.

·        Gjennomføring:
Undervisning, rettleiing og vurdering, samtidig med evaluering av framdrift og måloppnåing.

·        Evaluering:
Analysar av resultat og tilbakemeldingar frå evalueringar med sikte på forbetringstiltak.

·        Forbetring:
Revisjon av mål og undervisningsopplegg for studium/emne.



Skriv ut  Skriv ut


Søk etter tilsette
Søk etter studentar
Utvida søk

 Postmottak

 Oppslagstavle
Seminarrekke om KULTURMØTE
7. og 16. november

31.10.2007

Historieseminar
11. - 13. november

31.10.2007

Ytringsfrihetsseminar torsdag 1. og fredag 2. november
28.10.2007

Kompetanseheving:
Naturfag med
mål og meining

31.10.2007

Barnehagekonferansen 2007
Molde 1. - 2. november

21.03.2007

Lyst å besøke oss?
07.06.2007

Oppdatert av Gonnie Smit Løseth 14.06.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning