Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden



 Kontakt KEV

KEV
Høgskulen i Volda
Joplassvegen,
Postboks 500,
6101 Volda

Telefon: 70 05 48 10
Mobil: 41 44 10 62
Telefaks: 70 07 50 51

kev@hivolda.no

Meir info >>

Livslang læring / Vidareutdanning / Kunnskapsløftet /

Høgskulen i Volda tek Kunnskapsløftet

Kompetanseheving for lærarar og skuleleiarar er ein sentral del i gjennomføringa av Kunnskapsløftet, regjeringa si nye reform for grunnskulen og vidaregåande opplæring. Utdannings- og forskningsdepartementet (UFD) har sett av 300 millionar kroner til dette formålet i 2005. Høgskulen i Volda ynskjer å vere ein sentral samarbeidspartnar for skulane når Kunnskapapsløftet skal gjennomførast (2005 – 2008).

 

Oppgåva for universitet og høgskolar

  • å tilby ei relevant grunnutdanning som motiverer lærarar for livslang læring 
  • sørgje for at eige fagpersonale har nødvendig fagleg kompetanse og innsikt i reforma og dei utfordringane ho representerer for grunnskole og vidaregåande opplæring
  • å utvikle relevante og praksisnære kompetanseutviklingstilbod i samråd med kommunar og fylkeskommunar 
  • å samarbeide om og koordinere kompetanseutvikling for grunnskole og vidaregåande opplæring for å sikre breidda i det samla regionale og nasjonale tilbodet
  • å utføre forskning og utviklingsarbeid i samarbeid med skoleeigar
  • å medverke til å spreie og formidle resultat frå forskning og utviklingsarbeid til relevante aktørar

Samarbeid og dialog

HVO byggjer på erfaringar frå tidlegare reformprosessar i norsk skule i vår tilnærming til Kunnskapsløftet. Vår eigen professor Peder Haug  oppsummerer i ein artikkel ”Når skulen skal bli betre” kva som nyttar når skulen skal endrast og utviklast . Haug vektlegg tre føresetnader for å lukkast; sørge for nødvendig kompetanse, innsikt i eiga verksemd og å utvikle ein kultur for kontinuerleg læring ved den enkelte institusjonen. Ut frå dette blir det så sett i gang ei rekkje tiltak der leiaropplæring, reformrelatert kompetanseutvikling og vidareutdanning er hovudoverskriftene.

 

”Det vil vere ein stor fordel om vi kan komme i dialog med skuleeigarar, slik at høgskulen kan komme på bana med sin kompetanse og legge til rette for kurs eller vidareutdanning. I ein god dialog ligg det potensiale for utvikling av prosjekt som kombinerer skuleutvikling og forskning, seier prosjektleiar Oddbjørn Nes ved Høgskulen i Volda.

 


Kontaktinformasjon:

 

Oddbjørn Nes

Kontoret for etter- og vidareutdanning

oddbjornn@hivolda.no

Telefon: 70 07 50 55

 


Aktuelle lenker:



Skriv ut  Skriv ut


Søk etter tilsette
Søk etter studentar
Utvida søk

 Kev-tavla
Kompetanseheving:
Naturfag med
mål og meining

31.10.2007

Oppdatert av Eirik Bech 05.07.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning