Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden



 Kontakt KEV

KEV
Høgskulen i Volda
Joplassvegen,
Postboks 500,
6101 Volda

Telefon: 70 05 48 10
Mobil: 41 44 10 62
Telefaks: 70 07 50 51

kev@hivolda.no

Meir info >>

Livslang læring / Konferansar / Program kulturkveld /

Program kulturkveld

Kulturkveld

Høgskulen i Volda Berte Kanutte-huset kantina, 30. mars kl 20.00

 

Programleiar Arild Hoksnes ønskjer velkommen.

Arild Hoksnes er frå Aukra, men bur no i Trøndelag. Han lever av å underhalde i NRK og i Møre og Romsdal. Arild Hoksnes er journalist og musikar.



Arild Hoksnes

 


Olaug Nilsen

 


Ragnar Hovland

 


Kirsten Bråten Berg

Volda mannskor serverer velkomstdrikk til serveringssong.


Arild Hoksnes: Om nynorsk i opplæringa

Hysteriske innsmett og verbale krumspring av og med programleiaren og kåsøren.


Utdrag frå Ivar Aasen musikalen, Musikklinja ved Volda vidaregåande skule har hatt kjempesuksess med dei årlege musikalane sine. Årets Ivar Aasen- musikal var ikkje noko unntak. Elevane byr på dramatiske og musikalske utdrag.

Arild Hoksnes bokbadar saman med nynorskforfattarane Ragnar Hovland og Olaug Nilssen.

Ragnar Hovland (f.1952) er frå Sunnhordland. Han kallar seg sjølv 80-talssentimentalist og har skrive om lag 25 bøker. Bøkene har referansar til musikk og film, samt litterære heltar som Alice, Hardyguttene og Huck Finn.

Olaug Nilssen (f. 1977) er frå Solheimsdalen i Førde. Ho studerer litteraturvitskap i Bergen, og er medlem av redaksjonen i Vagant. Ho debuterte med romanen Innestengt i udyr, og Vi har så korte armar (2004) er Olaug Nilssens andre bok.


Volda Mannskor syng for maten 

Fingermat

Det blir høve til å kjøpe seg god mat og drikke

Sjå eigen meny >>


Kirsten Bråten Berg og Leiv Solberg.

Kirsten Bråten Berg har si eiga sylvsmie, men fyrst og fremst er ho kjend som ein stor kvedar. Ho har budd i Setesdal sidan 1973 og der har ho vorte ein av nøkkelpersonane i innsatsen for å vidareføra den musikalske arven i distriktet. Ho vann Landskappleiken i 1987, har gjeve ut ei lang rekkje plater, har vunne Spelemannsprisen fleire gonger, og reist på tallause turnear – både i Noreg og utlandet.

Saman med musikaren Leiv Solberg avsluttar ho denne kvelden med ein konsert med både song og kveding.


Arild Hoksnes avsluttar og informerer om morgondagens program



Skriv ut  Skriv ut


Søk etter tilsette
Søk etter studentar
Utvida søk

 Kev-tavla
Kompetanseheving:
Naturfag med
mål og meining

31.10.2007

Oppdatert av Eirik Bech 16.03.2005
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning