|
|

|
|
Idéverkstader 20. - 22. juni (1 - 3 dagar)
Gjennom tida har gode kulturkrefter etablert seg i fylke og kommune. Kyrkjemusikarar, kulturskolar, museum, bibliotek, kunstnarsenter, filmfolk, teater, forfattarar, kunstnarar, dansesenter og kino. Somme er samla i institusjonar og organisasjonar, andre er frittståande og atter andre opererer på prosjektbasis. I alle høve kan dei alle vere viktige bidragsytarar og tilbydarar inn i KULTURSEKKEN.
Idèverkstadane vil innehalde nettverksmøte for dei enkelte fagområda og for felles tverrfaglege fora. Målet er betre formidling til barn og unge, utvikling av nye laugstilbod (verkstadtilbod til grunnskulen) og felles inspirasjon til tverrfagleg samhandling. Innhaldet i idèverkstadane vil vere styrt av kva faggrupper som har høve til å delta. I samarbeid legg vi opp til inspirasjonsforedrag, ”eksempelets makt” (presentasjon av dei gode eksempla) og verkstader.
Velkomen inn!!
Praktisk opplysning:
Når du har kome deg til Volda, er bordet dekka; lokalar, overnatting og bevertning.
Påmelding innan 20. mai
Meir info: Kontakt Ingvild Aas Møre og Romsdal fylke T: 71 25 88 25 eller 71 25 89 02 E: ingvild.aas@mrfylke.no
|
|