|
Her er ei liste over spørsmål og svar som ofte dukkar opp når ein skal flytte til ein ny stad og begynne på ein ny skule.
Registrering Kva skal eg gjere når eg har gløymt PIN-koda, eller ikkje har ei PIN-kode? Kvifor kjem eg ikkje vidare i Studentweb når eg nyttar Enter-tasten? Kvifor får eg beskjed om at sida ikkje kan visast når eg nyttar ”Back-knappen” i nettlesaren? Kvifor får eg ikkje til å skrive inn tekst i feltet? Kvifor får eg beskjed om at eg ikkje har betalt semesteravgifta? Kan eg registrere meg i Studentweb sjølv om eg ikkje har betalt semesteravgift? Kva er fristen for registrering og betaling av semesteravgift? Kva skjer om eg ikkje har registrert meg og betalt innan fristen? Kor finn eg koda til faget/emnet eg skal melde meg/til registrere meg på?
Studium Korleis foregår søknadsprosessen? Har eg fått studieplass ved Høgskulen i Volda? Kva tid er semesterstart? Kor mykje må vi betale i semesteravgift? Kva studium tilbyr Høgskulen i Volda? Kvar ligg Høgskulen i Volda? Korleis ser høgskuleområdet ut? Kor mange studentar er det i Volda? Korleis er det å studere ved Høgskulen i Volda? Kva tid får vi svar på opptaket? Kva må eg hugse ved semesterstart? Korleis føregår studentregistreringa ved Høgskulen? Kva karaktersnitt må ein ha for å kome inn på dei ulike studiuma? Når kjem studielånet? Kva er Restetorget? Korleis finn eg fram til Restetorget? Kva tid åpnar Restetorget? Kvar skal ein henvende seg dersom ein vil søkje gjennom Restetorget? Kva er Studentsamskipnaden for Sunnmøre (SfS)? Er det nokon fadderordning for nye studentar? Kva er Studentweb? Kva er Classfronter? Kva er Orakeltenesta? Kan eg kjøpa PC gjennom høgskulen?
Hybel Korleis finn vi ein stad å bu? Kva studentheimar finn vi i Volda? Kor ligg dei ulike studentheimane? Korleis foregår tildelinga av studentboligar? Kva er søknadsfristen for studentboligar? Skal eg søkje om hybel, sjølv om eg ikkje veit om eg skal studere ved HVO? Må eg dele kjøkken/bad med andre? Korleis er prisnivået på bustad i Volda?
Korleis kan eg skaffe meg barnehageplass? Kor tidleg må eg vere ute for å sikre meg ein barnehageplass gjennom Studentsamskipnaden? Kva må eg rekne med å måtte betale for ein barnehageplass?
Fritid Kor mange innbyggarar er det i Volda? Kva er Studentsamfunnet? Kva er VEKA? Kva slags frivillige organisasjonar kan eg verte med i? Kva uteplassar finst der i Volda? Kva er Rokken?
Kommunikasjon Korleis kjem vi oss til Volda?
Registrering Kva skal eg gjere når eg har gløymt PIN-koda, eller ikkje har ei PIN-kode? PIN-koda (4 siffer) skal stå på giroen du får tilsendt for betaling av semesteravgift. Dersom du ikkje har motteke giro, eller dersom du har gløymt koda, kan du ta kontakt med studentkontoret på telefon 70075018 eller e-post: studentkontoret@hivolda.no
Kvifor kjem eg ikkje vidare i Studentweb når eg nyttar Enter-tasten? Enter-tasten har ikkje denne funksjonen alle stadar i programmet. For å kome vidare i programmet, må du då nytte musa og klikke direkte på knappane.
Kvifor får eg beskjed om at sida ikkje kan visast når eg nyttar ”Back-knappen” i nettlesaren? Du må alltid nytte knappane som er i Studentweb, og ikkje dei som er på nettlesaren. Nyttar du knappane som er på nettlesaren, må du trykke ”Oppdater” på nettlesaren og ”Prøv på nytt”
Kvifor får eg ikkje til å skrive inn tekst i feltet? Du må klikke med musa direkte i dei felta du skal skrive noko. Dette er nødvendig for å aktivisere markøren.
Kvifor får eg beskjed om at eg ikkje har betalt semesteravgifta? Sannsynlegvis er ikkje innbetalinga blitt registrert i vår database - det kan ta nokon dagar før opplysningane frå banken eller postkontoret blir overført. Prøv igjen om ein dag eller to, eller ta kontakt med studentkontoret.
Kan eg registrere meg i Studentweb sjølv om eg ikkje har betalt semesteravgift? Ja, men for å få semesterkort og støtte fra Statens lånekasse for utdanning må du ha betalt semesteravgifta.
Kva er fristen for registrering og betaling av semesteravgift? Fristen for haustsemesteret er 1.september, fristen for vårsemesteret er 15. januar.
Kva skjer om eg ikkje har registrert meg og betalt innan fristen? Dei som ikkje har betalt eller registrert seg innan fristen, vil miste studieretten ved Høgskulen i Volda. Ta kontakt med studentkontoret dersom du får problem med å rekke fristen!
Kor finn eg koda til faget/emnet eg skal melde meg/til registrere meg på? Du finn emna i emnekombinasjonane i studieprogrammet du har studierett på. Du vil også finne oversikt over alle studia og emne under ”Studieinformasjon” på nettsidene til Høgskulen i Volda.
Ta kontakt med studentkontoret dersom du ikkje finn emna du skal ta.
Studium Korleis foregår søknadsprosessen? Det er Samordna opptak som administrerer opptaket. Informasjon om søknadsprosedyren finn du på http://www.samordnaopptak.no/. Samordna opptak stenger 15. april. Etter det har høgskulen nokre ledige studieplassar på ulike nettstudium, halvårs- og årseiningar, fordjupningsstudium, mastergrader og mastergradsmodular som du kan søkje på gjennom lokalt opptak (sjå liste over ledige tilbod). Søknadsfrist lokalt opptak: 15. juni. Gå til søknadsskjema for lokalt opptak. Restplassar til årsstudia, bachelorstudia og allmennlærarutdanning vert lagt ut på Restetorget 20. juli.
Har eg fått studieplass ved Høgskulen i Volda? Rundt 20. juli kan du sjekke om du har fått studieplass på http://www.samordnaopptak.no/ eller ringje Søkofonen 815 49 050.
Kva tid er semestertart? Semesterstart er tysdag 14. august kl. 12.00 i Berte Kanutte-huset.
Kor mykje må vi betale i semesteravgift? Semesteravgifta i år er på 630 kroner. Dette består av: Kr 360,- til Studentsamskipaden for Sunnmøre (SfS). Kr 20,- er friviljug stønad til SAIH. Kr 140,- er avgift til Kopinor Kr 50,- er kopikostnader Kr 60,- er lisensavgifter til ulike IT-verkty
Kva studium tilbyr Høgskulen i Volda? Sjå studieinformasjonsportalen og finn dei aktuelle studiane der.
Kvar ligg Høgskulen i Volda? Korleis ser høgskuleområdet ut? Høgskulen i Volda ligg tett samla i Volda sentrum, halvannen time sør-øst for Ålesund. Sjå også vårt interaktive kart.
Kor mange studentar er det i Volda? Høgskulen i Volda har rundt 3100 studentar, der dei fleste er fulltidsstudentar.
Korleis er det å studere ved Høgskulen i Volda? Høgskulen i Volda har eit tett og oversiktleg studentmiljø der alle er samla på ein stad. Dette gir eit godt grunnlag til å knyte kontaktar og til å gi kvarandre impulsar, både fagleg og sosialt. Undersøkingar viser at studentane trivast ved Høgskulen i Volda. Les meir
Kva tid får vi svar på opptaket? Hovudopptaket til Samordna opptak er 20. juli. Har du ikkje fått svar innan 26. juli, oppfordrast du til å ta kontakt med Samordna Opptak snarast råd. Svarfristen for hovudopptaket er 26. juli.
Kva er viktig for meg som ny student å hugse på ved semesterstart? - Betale semesteravgift - Registrering på studentweb - Opprette brukarkonto - Hente semesterkort
Kva karaktersnitt må ein ha på dei ulike studia? Sjå oversikt på Samordna Opptak.
Når kjem studielånet? Lån og stipend vil verte sendt til din adresse etter at du har betalt semesteravgift og blitt registrert som student ved Høgskulen. Les meir på Lånekassen sine heimesider.
Kva er Restetorget? Restetorget er ei oversikt over ledige studieplassar der det er ledige plassar.
Korleis finn eg fram til Restetorget? Du finn Restetorget ved å gå inn på http://www.samordnaopptak.no/ eller ved å ringe Søkofonen 815 49 050. Du kan også gå inn på tekst-tv NRK1 side 480 eller bruke SMS.
Når åpnar Restetorget? Restetorget åpnar 20.juli.
Kvar skal en henvende seg viss ein vil søkje gjennom Restetorget? Ta kontakt med student-/opptakskontoret ved skulen du vil gå på.
Kva er Studentsamskipnaden for Sunnmøre (SfS)? Studentsamskipnaden er ein service- og velferdsorgansiasjon for høgskulestudentane. Sfs driv barnehage, leiger ut bustader, driv bokhandel, kantine og studenthuset Rokken samt andre velferdstilbod. Sjå også SfS' heimeside.
Er det nokon fadderordning for nye studentar? Kvart år arrangerar vi ei fadderveke der ein vert kjend med og treff med-studentar, ein vert kjend med Volda og studentmiljøet. Eldre studentar tek deg med på omvisning og festar. Fadderveka er den beste måten å starte eit nytt skuleår på!
Korleis føregår studentregistreringa ved Høgskulen? Gangen i registreringa kan du lese om her
Kva er Studentweb? Dette er eit studentnettverk der du må logge deg på med brukarnamn og passord for å få tilgang. Ved å registrere seg i Studentweb får ein tilgang til dei enkelte faga/emna i Classfronter. Her kan du melde deg opp til fag og eksamenar og her kan ein få opplyst kva karakterar ein har fått.
Kva er Classfronter? Dette er eit elektronisk læringsverkty som fungerar som ein informasjons- og kommunikasjonskanal mellom studentar og skulen. Gjennom registrering i studentweb får studentane tilgang til Classfronter. Les meir
Kva er Orakeltenesta? Orakeltenesta er brukarstøtta innan IT for alle studentar ved Høgskulen i Volda.
Kan eg kjøpa PC gjennom høgskulen? Ja, det kan du. Sjå eiga side om kjøp av PC.
Hybel Kvar kan vi finne ein stad å bu? Studentsamskipnaden har 4 studentheimar i Volda med ca. 400 bustader totalt: Porse, Heltne, Myrane og Røysmarka.
Sjå også: http://www.studentsamskipnaden.no/ http://www.boligtorget.no/sfs/frameset.asp?genses=200605030800539582 http://www.ivolda.com http://www.hybel.no http://www.hybelvolda.no/ evnt. Avisa Møre (annonse@avisamore.no) kostar ca 50,- pr. innrykk.
Kva studentheimar finn vi i Volda? Sjå oversikt over bustadar på Studentsamskipnaden sine sider.
Kor ligg dei ulike studentheimane? Sjå oversikt på Studentsamskipnaden sine sider. Eventuelt, sjå det interaktive kartet vårt.
Korleis foregår tildelinga av studentboligar gjennom studentsamskipnaden? Ein må sende inn søknad via sida http://www.boligtorget.no/sfs/frameset.asp?genses=200605030800539582.
Tildeling av hyblar skjer gjennom loddtrekning. For leilegheiter gjeld visse tildelingskriterier: Tildelingsreglement
Kva er søknadsfristen for studentboligar? Søknadsfristen for studentboligar er 15.mai: - for nye studentar - dei som søkte for seint til 15.4.-fristen (gjeld for studentar som allereie studerar ved HVO) (sjekk for siste oppdatering på www.studentsamskipnaden.no om der framleis er ledig) Elles i året har Studentsamskipnaden fortløpande tildeling.
Skal eg søkje om hybel no sjølv om eg ikkje veit om eg studere hjå HVO? Søknadsfristen for dykk er 15.mai og du må bekrefte studieplassen din innan den 31.juli.
Skjemaet du finn på http://www.boligtorget.no/sfs/frameset.asp?genses=200605030800539582
Må eg dele kjøkken/bad med andre? Om du må dele bad/kjøkken med andre kjem an på kva slags leiligheit/hybel du får tildelt. Sjå meir her.
Korleis er prisnivået på bolig i Volda? Nasjonale undersøkingar gjennomført kvart år viser at studentane i Volda har blant de lavaste buutgiftene i landet. Det er noko å tenkje på når studielånet skal betalast! I tillegg er straum og internett med i leigeprisen viss du leiger hos Studentsamskipnaden.
Korleis kan eg skaffe meg barnehageplass? Studentsamskipnaden driv Røysemarka studentbarnehage med 45 plassar for born mellom 0-6 år. Barnehagen ligg like ved Høgskulen. Ein må fylle ut eit eige søknadsskjema for kvart barn. Søknadsskjemaet finn du her: Barnehagesøknad
Kor tidleg må eg vere ute for å sikre meg ein barnehageplass gjennom Studentsamskipnaden? Hovudopptaket er 1. mars. Eventuelle restplassar blir tildelte fortløpande.
Kva må eg rekne med å måtte betale for ein barnehageplass? Sjå http://www.studentsamskipnaden.no/.
Fritid Kor mange innbyggarar er det i Volda? Medrekna studenttalet har Volda ca 10 000 innbyggarar.
Kva er Studentsamfunnet? Dette er ein organisasjon bygd opp av frivillig arbeid der du som student ved Høgskulen har høve til å bidra. Studentsamfunnet står mellom anna for gjennomføring av ulike arrangement
Kva er VEKA? Veka er eit årleg kulturarrangement laga av, med og for studentar i Volda. Konsertar, revy, foredrag og stand-up er noko av det ein kan oppleve gjennom desse 9 dagane VEKA varer.
Kva slags frivillige organisasjonar kan eg verte med i? I Volda kan studentane vere aktive innan studentpolitikk, kulturaktivitetar og organisasjonsliv med mange lag og foreningar for ulike interesser:
VSI - Volda Studentidrettslag STiV - Studenttinget i Volda Studentteateret Natura Blendarlaget Den norske dokumentarfilmfestivalen Volda dykkerklubb Studentsamfunnet Volda og Ørsta Filmklubb Studentavisa Peikestokken Veka Sunnmøre klatreklubb
Kva uteplassar finst der i Volda? I Volda er der eit rikt uteliv. Me kan nemne Rokken, Viva Volda, Cafè De'France, Porse, Dirty Nelly, Det Grøne Treet, samt Rust Club & Scene som ligg i nabokommuna Ørsta.
Kva er Rokken? Rokken er det nye studenthuset som er eigd av Studentsamskipnaden og drive av studentane i Samfunnsstyret. Her er alt arbeid basert på friviljug innsats. Her er der plass til 550 personar, der er tre barar, cafè og ei av dei beste scenene i Møre og Romsdal, med fylkets beste innandørs lydanlegg.
Kommunikasjon
Korleis kjem vi til Volda? Mellom Volda og Ørsta ligg Ørsta/Volda Lufthamn, Hovden. Flyplassen har fleire daglege avgangar til Oslo, Bergen, Sogndal og Sandane. Volda har også bussruter direkte til Bergen, Oslo og Trondheim. Vidare har Volda buss-samband med NSB- stasjonen på Åndalsnes og Ålesund Lufthavn, Vigra.
Timeekspressen: kvar time (Volda – Ålesund – Molde – Kristiansund) Timeekspressen
- Norway bussekspress (Til/Frå Oslo og Bergen to gongar dagleg) Vestlandsbussen over Norfjordeid Fjordekspressen Møreekspressen
Widerøe Ørsta/Volda Lufthavn / Hovden (6 km frå Volda sentrum) http://www.wideroe.no/
Bil Her kan du finne kart, køyreruter og berekne tidsbruk.
Kart http://www.gulesider.no/gsi/map.do? http://www.hivolda.no/kart
|