Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


Forsking og utvikling / Forskingsdagane 2007 / Forskingsdagane 2005 /

1905 med Volda-fokus:

Om unionssprenginga og striden om statsforma
Foredrag ved Oddbjørn Melle, førsteamanuensis i historie, Høgskulen i Volda.

Om foredraget:
Kvifor var det fleire republikanarar i Volda enn elles på Sunnmøre – og korleis argumenterte dette mindretalet? Nokre av dei lokale stridsmennene ein møter i føredraget er Anders Vassbotn, prost Johannes Barstad og sjølvsagt redaktøren av Møre,  Maurits R. Aarflot. Dessutan var nasjonalhelten Nansen innom Volda på propagandatokt for Michelsen og kongedømmet. Og frå Stortingets talarstol ytra representanten Aklestad frå Hjørundfjord seg i klåre ordelag om saka.

Utgangspunkt for foredraget er Oddbjørn Melles artikkel Lokal mentalitet omkring nasjonal suverenitet, som står på trykk i boka Lokale røyster i 1905. Unionsoppløysinga i aviser på Nord-Vestlandet. Boka, som kom ut i mai i år, er eit resultat av eit regionalt prosjekt som undersøker korleis hendingane i 1905 vart tolka og framstilt utanfor dei sentrale riksmedia. Ved å sjå på korleis dei regionale og lokale avisene formidla 1905 og kva for haldningar som vart uttrykt her, har ein fått auka innsikt i året 1905.

 



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Bente Gunn Lien 19.09.2005
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning