|
Erfaringar frå eit forskingsprosjekt
Kva skjer i begynnaropplæringa i skulen? Korleis vert prinsippet om tilpassa undervisning praktisert? Med klasserommet som arena har ei gruppe på seks forskarar frå Høgskulen i Volda granska slike spørsmål.
Forskingsprosjektet Begynnaropplæring og tilpassa undervisning er finansiert av Norges forskingsråd, vart sett i gang hausten 2002 og avslutta våren 2005. Hovudinteressa i prosjektet har vore å studere verksemda i klasserommet, primært fordi det er stor mangel på kunnskap om det som går føre seg nettopp her, ikkje minst i begynnaropplæringa. Ved sidan av å fokusere på begynnaropplæringa generelt, har ein gått spesielt inn på faga norsk, matematikk og engelsk, på bruken av og funksjonen til leik og gitt elevar frå språklege minoritetar spesiell merksemd.
Eitt av hovudresultata i prosjektet er at variasjonsbreidda i det som skjer i klasserommet er stor, langt større enn ein på førehand skulle tru. På seminaret vil dette og andre funn frå forskingsprosjektet bli presentert og utdjupa.
Program: Opning ved prodekan Odd Ragnar Hunnes, Avdeling for lærarutdanning
Innleiing ved prosjektleiar Peder Haug, professor i pedagogikk
”Så dem ut sånn som meg også?” Begynneropplæring når norsk er andrespråk ved Randi Myklebust, høgskulelektor i pedagogikk
Pause med kaffi/te og frukt
Matematikkfaget i begynnaropplæringa ved Leif Bjørn Skorpen, høgskulelektor i matematikk
Den første lese- og skriveopplæringa og tilpassa undervisning ved Jorunn Aske, høgskulelektor i norsk
Diskusjon
|