Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


Forsking og utvikling / Forskingsdagane 2007 / Forskingsdagane 2005 /

Eit møte mellom teori og praksis

Plandag ved Høgskulen i Volda

Jørgen Amdam er professor i samfunnsplanlegging ved Høgskulen i Volda. Gjennom mange år har han spela ei leiande rolle innan samfunnsplanlegging og -utvikling som formidlar, forelesar og forskar. I vår fylte han 60 år, og samtidig kom professorkollega og bror Roar Amdam ut med ny bok: ”Planlegging som handling”. Desse to hendingane dannar utgangspunktet for dette seminaret, der nettopp spørsmålet om korleis samfunnsplanlegginga kan danne grunnlag for praktisk handling vil stå i fokus.

Innleiarane har omfattande erfaring frå forsking, undervisning, planlegging og samfunnsutvikling på ulike nivå. Seminaret vil vere ein møtestad for planleggarar, leiarar, studentar og forskarar.

Påmeldingsskjema

Program:
Introduksjon ved Gunnar Stave, rektor HVO

Planlegging som handling ved Roar Amdam, professor Institutt for planlegging og administrasjon, HVO

Visjonar som grunnlag for handling ved Ulla Higdem, stipendiat Høgskolen i Lillehammer

Lunsj

Folkehelsearbeid som plan- og utviklingsarbeid ved Svein Neerland, folkehelsekoordinator i Møre og Romsdal fylke

Ny planlov – ny praksis? Lovverket som grunnlag for handling ved Asle Moltumyr, spesialrådgjevar i Miljøverndepartementet

Samfunnet i skogen - kan samfunnsplanlegging bidra til berekraftig skogforvaltning? ved Johan Barstad, forskar Møreforsking Volda

Oppummering og samtale med Jørgen Amdam som innleiar og ordstyrar
Programleiar er Johan Barstad, Møreforsking Volda



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Bente Gunn Lien 19.09.2005
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning