|
Generell studiekompetanse skal normalt vere:
Fullført og bestått 3-årig vidaregåande utdanning (grunnkurs, VK I og VK II)
eller fullført og bestått fagopplæring med fagbrev/sveinebrev
eller fylte 23 år i løpet av opptaksåret og fem års fulltids arbeidserfaring eller fem års samla arbeidserfaring og utdanning (23/5-søkjarar). Omsorgsarbeid og militær førstegongsteneste kan også reknast som arbeidserfaring. Som utdanning gjeld fullført og bestått årskurs i vidaregåande opplæring og/eller folkehøgskule, og eksamen frå studium av minst eit års lengd
og følgjande fag frå vidaregåande opplæring som må vere dekte innanfor, eller tatt i tillegg til krava over:
> norsk (14 veketimar)* > engelsk (5 veketimar) > matematikk (5 veketimar) > naturfag (5 veketimar) > samfunnsfag (6 veketimar), som omfattar samfunnslære (2 t) og nyare historie (4 t)
Karakteren må vere 2** (Ng) eller betre.
- * For søkjarar som har lese norsk og samisk med respektive 11+11 veketimar,
gjeld ikkje kravet om norsk (14 timar).
- Opptaksorganet har plikt til å vurdere om anna utdanning eller dokumentasjon av kunnskap kan godkjennast som likeverdig. Departementet kan gje nærare reglar.
- Søkjarar med fullført og bestått 2-årig teknisk fagskule etter rammeplan fastsett av departementet 1998/1999 oppfyller krava til generell studiekompetanse.
- ** Søkjarar til allmennlærarutdanning må frå 2005 ha minimum 35 skulepoeng og karakteren 3 i faga norsk og matematikk.,
Generelt om kvotar Opptak til studium skjer på grunnlag av rangering innanfor kvotar. Kvote er eit bestemt tal eller ein bestemt del av studieplassane som vert fordelt blant søkjarar som tilfredsstiller nærare bestemte krav.
Primærvitnemålskvote Kvoten er for kvalifiserte søkjarar som ikkje fyller meir enn 21 år i søknadsåret, og - har vitnemål utan forbetra karakterar (alle faga må vere tatt for første gong) - har fullført og bestått vidaregåande opplæring innanfor den normerte opplæringstida på 3 år (for nokre utdanningsløp 4 år) 40 % av studieplassane skal tilbydast søkjarar i primærvitnemålskvoten. Søkjarar som ikkje vert tekne opp i primærvitnemålskvoten, konkurrerer vidare i ordinær kvote der dei får eventuelle tilleggspoeng medrekna.
Ordinær kvote I denne kvoten vert søkjarane rangerte etter konkurransepoeng. Konkurransepoeng er summen av alle poeng som ein søkjar etter regelverket kan oppnå.
Praksiskvote For studiet Bachelor i journalistikk vert inntil 10% av studieplassane set av for søkjarar med minst ½ års relevant praksis.
Poengreglar Søkjarar med høg poengsum rangerer høgare enn søkjarar med låg poengsum. Søkjarar med lik poengsum i ein kvote vert rangert etter alder.
Karakterpoeng Alle fag med talkarakterar som inngår i grunnlaget for rangering, skal reknast med i berekninga av karakterpoeng. Karakterpoeng er gjennomsnittet av samtlege karakterer, med to desimalar, mulitplisert med 10. Dette gjennomsnittet skal bereknast av middelverdiane av delkarakterane på kvart fag på vitnemålet, slik at gjennomsnittet blir summen av samtlege middelverdiar delt på antall fag med karakter på vitnemålet. For felles allmennefag skal berre karakter(ar) oppnådd på høgste nivå inngå i berekninga av karakterpoeng.
Fordjupingspoeng Fordjupingspoeng vert gitt for val av bestemte fag eller fagkombinasjonar frå studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag.
Utrekning av fordjupingspoeng vert gjort på grunnlag av bestått studieretningsfag som har godkjend fordjuping over 2 år (minst 8 veketimar eller 5 veketimar B-språk) frå allmennfagleg studieretning i vidaregåande skule, eller frå studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag i Reform 94, eller for særskilde fagkombinasjonar i andre studieretningar. Ein kan maksimalt få 4 fordjupingspoeng. Søkjarar med examen artium frå tradisjonelt, linedelt / økonomisk gymnas får automatisk 4 fordjupingspoeng. Søkjarar som er kvalifisert etter 23/5-regelen, eller som har fagbrev/sveinebrev, får fordjupingspoeng frå og med sitt første fordjupingsfag frå allmennfagleg studieretning. Søkjarar med Internasjonalt Baccalauréat (IB) kan få inntil 4 fordjupingspoeng på grunnlag av fagleg fordjuping og bonus.
Realfagspoeng Det kan bli gitt inntil 6 realfagspoeng. Realfagspoenga kjem i tillegg til fordjupingspoeng, og vert gitt også for obligatoriske fordjupingsfag.
Søkjarar som har valt studieretningsfaga matematikk, biologi, fysikk og kjemi frå studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag får fordjupingspoeng som følgjer: 0,5 realfagspoeng for kvart av faga 2MX/2/MY/2MZ, 2BI, 2 FY og 2KJ 1 realfagspoeng for kvart av faga 3 MX/3MY/3MZ, 3BI, 3FY og 3KJ
Alle fag som gir realfagspoeng, skal telje med i utrekninga av gjennomsnittskarakteren.
Bonuspoeng Søkjarar med godkjent 3-årig vitnemål frå studieretning for musikk, dans og drama får 2 bonuspoeng ved opptak til desse utdanningane ved Høgskulen i Volda : Allmennlærarutdanning, førskulelærarutdanning og årsstudia i drama og musikk.
Tilleggspoeng for høgare utdanning, folkehøgskule, militær eller sivil førstegongsteneste Ved opptak til statlege og private høgskular vert det gitt 3 tilleggspoeng for anten: - eitt fullført årsstudium eller samla 60 studiepoeng ved universitet eller høgskule, eller - eitt år på folkehøgskule med godkjend dokumentasjon (gjeld søkjarar som tok folkehøgskule frå og med hausten 1997) eller - fullført militær førstegongsteneste eller sivilteneste.
Alderspoeng For søkjarar utanom primær vitnemålskvoten med fullført og bestått 3-årig vidaregåande opplæring eller med fag-/sveinebrev, vert det gitt 2 alderspoeng per år frå og med det året søkjaren fyller 20 år, og maksimalt 8 poeng. For søkjarar som er kvalifisert på grunnlag av 23 år og 5 års yrkespraksis, vert det gitt 2 alderspoeng per år frå og med det året søkjaren fyller 24 år og maksimalt 8 poeng.
| Konkurransepoeng |
| |
karakterpoeng |
| + |
fordjupningspoeng / realfagspoeng / bonuspoeng |
| = |
Skulepoeng |
| + |
andre tilleggspoeng |
| = |
Konkurransepoeng |
Opptak på grunnlag av fullført høgare utdanning
Høgare utdanning Søkjarar som er 25 år eller eldre i opptaksåret, får generell studiekompetanse på grunnlag av eksamen frå studium av eitt års lengd eller to studium av eit halvt års lengd ved universitet eller høgskule. Det er ein føresetnad at slike søkjarar også oppfyller kravet om norsk. Søkjarar som er tekne opp til høgare utdanning med grunnlag i unntaksreglar om generell studiekompetanse, og som har fullført og bestått ei slik utdanning på minst to år, får generell studiekompetanse.
Utanlandsk utdanning - Søkjarar med 3-årig vidaregåande utdanning frå dei andre nordiske landa er kvalifiserte for opptak utan tilleggskrav i norsk, når den vidaregåande utdanninga gir generelt opptaksgrunnlag til universitet og høgskolar i dei respektive landa. - Søkjarar som har utanlandsk utdanning frå land utanfor Norden, må dokumentere bestått utdanning på nivå med norsk 3-årig vidaregåande opplæring som gir generell studiekompetanse. Dei må i tillegg dokumentere kunnskap i norsk med ei av følgjande prøver: 1. Bestått eksamen frå Læreplan i norsk som andrespråk. 2. Bestått eksamen frå trinn 3 i norsk for utanlandske studentar ved universiteta. 3. Bestått eksamen frå 1-årig høgskulestudium i norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar. 4. Test i norsk, høgare nivå, (”Bergenstesten”) med minimum 450 poeng. Universitetet eller høgskulen kan godta annan dokumentasjon av norskkunnskap. Søkjarar som til dømes vil dokumentere norskkunnskap med norsk eller eit anna nordisk språk som morsmål, må normalt dokumentere at dei har hatt opplæring i morsmålet på minst norsk/nordisk grunnskulenivå.
Søkjarar med diplom frå International baccalauréat (IB) fyller krava til generell studiekompetanse. Dette gjeld også norskkravet, dersom dei har teke norsk A eller norsk B på minst lågare nivå (”standard level”). Krava til norskkunnskap gjeld ikkje for søkjarar som skal takast opp til framandspråklege utdanningsprogram, og studentar som tek del i europeiske utvekslingsprogram.
Unntak frå krav om generell studiekompetanse:
Realkompetanse Søkjarar som er 25 år eller eldre, og som ikkje kan dokumentere generell studiekompetanse, har krav på å få vurdert om dei er kvalifiserte for eit bestemt studium på grunnlag av realkompetanse. Realkompetanse er kunnskap søkjaren har fått gjennom yrkespraksis, ubetalt arbeid, organisasjonsarbeid, utdanning eller på anna måte. Søkjaren må ha nødvendige faglege føresetnader for å gjennomføre det aktuelle studiet utan å ha generell studiekompetanse. Søknadsfrist for realkompetansesøkjarar: 1. mars.
Dispensasjon Institusjonane kan i særskilde tilfelle gjere unntak frå kravet om generell studiekompetanse for søkjarar under 25 år. Vilkåret for slik dispensasjon er at søkjaren kan dokumentere at det ikkje har vore mogleg, på grunn av varig sjukdom, funksjonshemming eller liknande, å tilfredsstille enkelte av dei krava som normalt blir stilte for å bli tilkjent generell studiekompetanse. Dokumentasjonen kan til dømes vere attest frå lege, anna helsepersonell, pedagogisk-psykologisk teneste eller tilsvarande. Søkjaren må ha nødvendige faglege føresetnader for å gjennomføre det aktuelle studiet utan å ha generell studiekompetanse.
Individuelle bachelorløp Du treng ikkje ta til på eit fastlagd bachelorprogram med ein gong. Du kan fritt byggje din eigen bachelorgrad ved å kombinere fagstudium på grunn- og fordjupingsnivå. Alle våre årsstudium og fordjupingsstudium kan brukast i ein individuelt oppbygd bachelorgrad. For å få utskrive eit bachelorvitnemål frå Høgskulen i Volda, må minst 60 stp vere tatt ved institusjonen.
Fagkombinasjonar Ein bachelorgrad utgjer 180 stp, og av desse må minimum 80 stp vere innanfor ei fordjuping der ein kombinerer grunn- og fordjupingsstudium (tidlegare grunnfag og mellomfagstillegg). I tillegg er det sett krav til at studentar som får bachelorgrad frå HVO må ha eit støttefag i graden sin på 30 stp, og at graden må innehalde eit sjølvstendig arbeid på minimum 15 stp som er relevant i høve den faglege fordjupinga. Resten av graden kan du sette saman slik du sjølv ønskjer, med ulike emne på heilt ned til 10 stp.
Fagleg fordjuping Du fastset sjølv omfanget av grunn- og fordjupingsstudium i grada. Så lenge du fyller minstekravet til fordjuping, kan du kombinere emne på ulike nivå innanfor same fagområde. Fordjupingsstudiet må likevel alltid byggje på det grunnstudiet som skal inngå i fordjupinga. Det sjølvstendige arbeidet på minimum 15 stp kan inngå i den faglege fordjupinga, eller det kan kome i tillegg så lenge det er knytt til det fagområdet fordjupinga har.
Støttefag Støttefaget på 30 stp som også skal gå inn i bachelorgraden, kan du velje fritt, uavhengig av den faglege fordjupinga. Det einaste du må passe på er at det ikkje er fagleg overlapping på meir enn 15 stp mellom emna i graden.
Innpassing Det kan søkjast om innpassing av høgare utdanning frå andre institusjonar til studium på bachelornivå, allmennlærarutdanninga eller mastergrader ved Høgskulen i Volda. Godkjenning av innpassing vert gjort etter særskilt vurdering.
Studiepoeng, A-F-karakterar og utdanningsplanar Eit studieår er normert til 60 studiepoeng, dvs. 30 studiepoeng pr. semester haust og vår. Vi nyttar ECTS-karakterskalaen for alle studium, dvs. A - F, der A er beste karakter og E er lågaste ståkarakter. Skalaen vert nytta i ei rekkje andre land. Alle med studieplass på eit studieprogram på 60 stp eller meir, har rett til ein utdanningssamtale kvart semester, der student og institusjon forpliktar seg tettare overfor kvarandre. Dette skal gi ei betre oppfølging av den enkelte studenten.
|