|
- Eg vil anbefale Mastergrad i samfunnsplanlegging til alle som vil ha eit samfunns-aktuelt og praktisk masterstudium, seier Merete-Anett Hoddevik. - Eg tok først leiarutdanning for helse- og sosialpersonell ved HVO.
- Då eg seinare ville ta ei mastergrad, vart samfunnplanlegging ved HVO eit naturleg val, supplerer Marit Botnen frå Ulsteinvik.
 |
Merete-Anett Hoddevik er student ved Mastergrad i samfunnsplanlegging. Ho har tidlegare studert samfunnsvitskap ved Høgskulen i Volda, statsvitskap og internasjonal politikk ved Høgskolen i Molde og historie ved NTNU i Trondheim. Merete har i tillegg studert internasjonal politikk i eitt semester i utlandet. - Planen var at eg skulle ta hovudfag i statsvitenskap ved Universitetet i Oslo, men følte at dette studiet ikkje lenger var det rette for meg. Eg hadde høyrt om Mastergrad i samfunnsplanlegging ved Høgskulen i Volda, og kontakta høgskulen for meir informasjon og rettleiing. Studiet verka svært interessant for meg, samstundes som eg hadde eit ønskje om å flytte heim til vestlandet for å avslutte med mastergrad. |
Merete-Anett Hoddevik hadde statsvitskap, politikk og historie frå før.
Dynamisk studiemiljø
- Eg opplever kvaliteten og nivået på studiet som godt. Studentane kjem frå fleire ulike yrkesgruppe, noko som gjer at ein kan lære av kvarandre sin bakgrunn og erfaring. Studiemiljøet er dynamisk, rettleiinga er god og kompetansen til forelesarane er høg. Undervisningsopplegget er lagt opp i vekesamlingar, slik at det let seg å gjere å kombinere studium og jobb. Eg vil anbefale Mastergrad i samfunnsplanlegging til alle som vil ha eit samfunnsaktuelt og praktisk masterstudium.
 |
Marit Botnen fullførte i år Mastergrad i samfunnsplanlegging. Ho har grunnutdanning som sjukepleiar frå 1981, og har sidan vore tilsett i Ulstein kommune. Frå 1984 har ho hatt leiarstillingar, først som leiar av heimebasert omsorg og frå 1992 som omsorgssjef då omsorgstenestene vart skilt ut som ein eigen etat. I løpet av denne tida har ho fått vere med på ei rekke spennande utviklingsprosjekt, sett i gang på grunnlag av sentralt styrt reformarbeid (mellom anna ansvarsreforma for psykisk utviklingshemma og Handlingsplanen for eldreomsorga).
Omsorgssjef Marit Botnen. |
Studiet er tverrfagleg
- Eg tok først leiarutdanning for helse- og sosialpersonell ved HVO. Då eg seinare ville ta ei mastergrad, vart samfunnplanlegging ved HVO eit naturleg val.
- For meg var allereie HVO ein lærestad med kompetente førelesarar. Samstundes gav det gode høve til å kombinere utdanning med å være i arbeid. Det var og viktig for meg at studiet i samfunnplanlegging har ein tverrfagleg karakter, både i det faglege innhaldet i emna og ved at ein møter studentar med forskjellig yrkesbakgrunn.
Undervisning på eit høgt fagleg nivå
- Undervisninga ligg på eit høgt nivå. Fleire av forelesarane har vore sentrale på nasjonalt plan innan sine fagområda og var dyktige og inspirerande. Utdanninga har gitt med ei utvida plattform for vidare arbeid som leiar. Arbeidet med sjølve masteroppgåva gjorde det mogleg å fordjupe meg i problemstillingar knytt til organisering og leiing av omsorgstenester.
2005
Tilbake
|