|
Silje Ims Lied er utdanna førskulelærar og har i tillegg teke Examen philosophicum og rettslære grunnfag. Ho har 7 års praksis som styrar / pedagogisk leiar i ein privat 1. avdelings barnehage.
 |
- Eg tok 1. avdeling spesialpedagogikk i 2000, og har heile tida visst at eg ville utdanne meg meir innafor dette området.
Kan kombinerast med jobb og barn
Eg bur i Volda, og har for tida permisjon med små barn, men var interessert i å kombinere denne tida med studium. Det er det som er så flott med dette studiet, at ein kan kombinere det med jobb eller små barn.
Å velje Volda som studiestad var eit lett val, då eg både er fast busett og tidligere har teke førskulelærarutdanninga mi her, i 1995 - 1998.
Barnehagestyrar Silje Ims Lied |
God kvalitet på studiet - Studiet er variert, vi har både gruppearbeid, individuelle oppgåver, plenumsdiskusjoner og forelesninger. Eksamensformene varierer fra skriftlig til muntlig og til mappevurderinger. Det er med andre ord rom for stor variasjon.
Eg meinar HVO er flinke til å leige inn gode forelesarar som fokuserer på aktuelle problemstillingar innan spesialpedagogikken. Pensumlitteraturen er interessant og god. Studiet har til no gjeve meg mykje ny og nyttig kunnskap.
Slik eg ser det, er det viktig at vi som studentar tek ansvar for vår eiga læring. Til dømes kan ein ved aktivt bruk av classfronter diskutere fagstoff og skape refleksjoner rundt stoffet frå forelesningane.
 |
Solfrid Urke Nese er utdanna adjunkt og har jobba i 13 år på ein fådelt barne- og ungdomsskule i Eksingedalen. Ho er no student ved Mastergrad i spesialpedagogikk ved Høgskulen i Volda.
Stort behov for spesialpedagogikk i skulen - Etter mange år i skulen, hadde eg lyst å fornye meg og lære noko meir. Eg kjende også eit aukande behov for spesialpedagogikk i arbeidet mitt. Stor avstand til studiestad gjer at eg må pendle uansett, men eg har familie som er busett i Ørsta.
- Valet sto difor mellom hybelliv i Bergen eller god service hjå familien i Ørsta.
Adjunkt Solfrid Urke Nese |
- Eg hadde ikkje i utgangspunktet planlagt å fullføre ei mastergrad, men studiet har gjeve meg lyst til å halde fram utover eitt studieår, slik eg først hadde planar om. Studiet er delt opp i emne, og det er difor mogleg å halde fram som deltidsstudent.
Studentar med ulik utdannings- og erfaringsbakgrunn
Samlingane er kompakte og intense, men effektive. Vi har flinke og inspirerande gjesteforeleserar. Det har også fungert godt med videoforelesingane, fordi vi på denne måten kan ha direkte kontakt med faglærar. Pensumlitteraturen er ny og relevant, og undervisninga er knytt opp til aktuell debatt. Studentane har ulik utdannings- og erfaringsbakrunn, noko som gjer det interesant med debatt i studentgruppa. Det er svært viktig at ein kan knyte praksis til teoriane.
2005
Tilbake
|