Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden



Studentar og alumnar fortel om korleis det var å vere student ved Høgskulen i Volda



 Kontakt
Høgskulen i Volda
Postboks 500,
6101 Volda

Telefon: 70 07 50 00
Telefaks: 70 07 50 51
Besøksadresse:
Joplassvegen 11, 6101 Volda

  Postmottak@hivolda.no
  Til kontaktsider
For søkjarar / Studentar og alumnar /

Bakgrunnen for høgskulen si tilnærming til spesialpedagogikk

Avdeling for lærarutdanning ved Høgskulen i Volda har gjeve utdanning og vidareutdanning i spesialpedagogikk for lærarar og etter kvart førskulelærarar sidan 1960-åra.

 

Perioden etter 1975, då grunnskolelova og spesialskolelova vart slått saman til ei lov, har vore prega av store endringar på det spesialpedagogiske området. Prinsippa om normalisering, integrering, demokratisering og seinare inkludering har vore normgjevande. Det har ført med seg ei utvikling der målsettinga skal vere at alle barn og unge meir og meir skal vere deltakarar der dei er og at presset i segregerande lei skal minke. Studiet vil gå inn på dei utfordringane dette skaper.

 


Avdeling for lærarutdanning held til i Henrik Kaarstad-huset

 

Dette har stilt barnehage og skule over for nye utfordringar som gjeld opplæringa til alle barn, og ikkje berre dei som har behov for spesialundervisning. Det føreset endra perspektiv på opplæring og utdanning. Spesialpedagogisk arbeid vil handle om å utvikle og gjennomføre opplæringsprogram i eit samarbeid mellom ulike partar og der spesialpedagogen vil ha ei sentral rolle. Det stiller både det som ein tradisjonelt har vore sett på som spesialpedagogiske oppgåver og det som er omtala som ”vanleg” undervisning og opplæring i barnehage og skule overfor nye utfordringar både kvar for seg, men ikkje minst når det gjeld å kunne samarbeide og samordne verksemda.

 

 

Ut frå premissane ovanfor treng spesialpedagogen i barnehage og skule ein brei tverrdisiplinær kunnskapsbasis. Tradisjonell orientering om individuelle vanskar er ikkje tilstrekkjeleg for å forstå utfordringane i si fulle breidde. Skal ein utvikle barnehage og skule føreset det kunnskapar om konsekvensane av ulike organisasjonsmessige forhold i barnehagen/skulen, om innhaldet i den pedagogiske verksemda og opplæringa, om ulike arbeidsmetodar osv.

  Tilbake



Skriv ut  Skriv ut

 Aktuelt for søkjarar
Oppdatert av Per Arne Brandal 08.03.2006
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning