|
Det er ti år sidan Margreth Olin tok journalistikk og dokumentarfilmstudiet i Volda. I løpet av dei åra har ho blitt ein veletablert storleik innan dokumentarsjangeren med fleire prislønna filmar. Under årets dokumentarfilmfestival heldt ho foredrag om erfaringar frå studietida i Volda og fram til i dag.
Av Nils Endre Eikeland
Margreth Olin står ved talarstolen klar til å helle ryggsekken full av livserfar-ing over dei interesserte lyttarane i salen. Ho byrjar i Volda.
- Utdanninga gav meg eit godt fundament som saman med eksamensfilmen «I kjærleikens hus» var avgjerande for vegen vidare, seier ho engasjert. Margreth vil at studentar som skal ut i bransjen, er audmjuke overfor folk som kan meir enn dei. Sjølv har ho alltid søkt å jobbe med folk som er flinkare enn seg sjølv. Det har gitt henne ro og tryggleik på at hennar rolle er regien medan andre kan lyd og foto. Likevel er det viktig å ta vare på studiekameratar du har god kjemi med, ettersom ein kan finne kvarandre seinare og utvikle eit samarbeid.
- Dokumentarfilmfestivalen i Volda er nettopp ein slik møteplass der studentar får treffe bransjen og dei kan dra vekslar på kvarandre, seier ho.
Erfaringar formar oss
- Du bør tru på deg sjølv. Ikkje blindt, men nok til å kjenne deg sjølv for å vite korleis du erfarar sorg, svik og kjærleik. Då kan du finne di eiga stemme som det er viktig at du tek vare på og formidlar til produsenten, oppmodar Olin.
Personlege filmar var avgjerande for henne for å komme vidare. Sjølv formidlar ho det å stå utanfor fellesskap og kjenna på einsemd. Spesielt filmen «Kroppen min» gir ei nær skildring av hennar kropp i møte med oppvekst og det å være sårbar.
 Dokumentarfilmskapar Margreth Olin med festival-sjef Gunhild Asting.
- I dag er filmar i altfor stor grad reproduksjon. Målet med filmar bør vere at dei skal røre våre liv, fordi mennesket er unikt, uttrykkjer ho klart.
Til slutt understreker Margareth Olin at det er eit godt miljø for dokumentarfilm i Noreg, fordi kommersielle omsyn ikkje heilt fått styre fritt. Filmar får tid og rom til å modnas blant folk ved at dei vert viste på kino. Eit godt eksempel er «Heftig og Begeistret», som verkeleg tok folket med storm. For tilhøyrarane har ikkje foredraget berre handla om film, men om den visdommen livet gjev.
2004
Tilbake
|