|
Ein offentleg nettstad må vere oppdatert, oversiktleg og brukarvennleg. Det må vere ein konsistent navigasjonsmeny på sida, relevante eksterne linkar og ein skal ha tilgang på internt søk. Nettstaden skal også innehalde opplysningar om kontaktpersonar, i tillegg til at informasjonen må vere merka med ansvarleg etat eller forfattar, og vere lagt til rette for utskrift. Det er viktig at sida kan lesast i ulike typar nettlesarar og at ein ikkje treng spesiell teknologi eller programvare for å få tilgang til den. |

|
|
God navigasjon er avgjerande (www.navigatorassociates.com) |
God navigasjon på sida er viktig fordi brukaren med ein gong han entrar vil prøve å få oversikt over kvar han er, for så å leite etter det han er ute etter. Denne prosessen kan samanliknast med ein handletur. Kunden vil med ein gong han går inn i ein butikk prøve å få oversikt over dei ulike varehyllene og vil nytte skilt og organisering i butikken som hjelpemiddel for å finne fram raskast mogleg. Utan fungerande navigasjon vil ein miste brukaren i løpet av få sekund. Nettsida til Folkehelseinstituttet fyller stort sett krava som er sett for ein offentleg nettstad, men likevel er det visse ulemper med sida som hindrar den i å vere så brukarvennleg som den kunne vore.
Sida er generelt oversiktleg og har ein global navigasjonsmeny. Men i tillegg til dette har den to ekstramenyar, ein til høgre og ein til venstre, som er med på å gjere navigasjonen dårlegare. Menyen til venstre burde fungert som ein global undermeny og vore betydeleg meir strukturert og komprimert, kanskje til og med plassert ein annan stad. Noko anna som kunne lønt seg hadde vore brukt det som Steve Krug kallar ein "brødsmulefunksjon". Det vil seie at ein har ein liten meny som fortel oss kvar vi er på sida, og viser stega ein har gått frå ein var på framsida.
Lesarvennlegheit
Når det gjeld artiklar og innhald er det ei blanding mellom lange og korte tekstar. Sidan det er snakk om forsking finst det grenser på kor mykje ein kan forenkle stoffet og gjere det meir lesarvennleg. Nokre av artiklane er korte og konsise, medan fleire er lengre og meir utfyllande. Med tanke på at målgruppa først og fremst er presse og informasjonskyndige fungerer nok artiklane er slik dei er. Mange som skal lese stoffet har kanskje dårleg syn og skrifta kunne med fordel vore ein smule større. Likevel er det brukt ein font utan seriffar, som fungerar bra på nett, i tillegg til at det er brukt svart tekst på kvit bakgrunn, som gjer lesbarheita betre.
Sida er godt oppdatert og er fri for "rotne" linkar. Dei har ei god lenkjeløysing, då dei fleste eksterne lenkjene dukkar opp i eit nytt vindauge. Likevel finst det nokre linkar som dukkar opp i same vindauge, noko som er negativt.
Sida har konsistent kontaktinformasjon nedst på sida. Men om ein f. eks trykkjer på "presse" -> "pressekontakter", vil ein bli vist til ein heller avansert vaktplan med ulike kontaktpersonar for kvar dag.
Forbetringspotensial Alt i alt fyller folkehelsa stort sett krava for ein offentleg nettstad og ein får inntrykk av at det er ei truverdig/seriøs side. Den har ein fungerande søkefunksjon, eit enkelt og relativt oversiktleg design, oppdaterte sider og relevante linkar. Nettsida kan også opnast i ulike nettlesarar utan problem, og det er lagt til rette for utskrift på tekstane. Likevel kunne det med fordel vore gjort ei opprydding i diverse ”smårusk” på sida, særleg når det gjeld strukturering og komprimering av stoffet. I tillegg kunne publikasjonane/artiklane vore gjort meir spanande med fleire bilete og liknande. |