|
Wenche Solheim er utdanna sosionom frå Sosialhøgskulen i Trondheim i 1988. Då ho tok til på den første mastermodulen hausten 2003, hadde ho vore sosialleiar i Ørsta i 4 år. Før det hadde Wenche Solhem ulike oppgåver i Trondheim kommune, mest innafor sosialtenesta.
 Høgskulen har eit godt rykte i høve kvalitet, og det syns eg dei har levd opp til, seierWenche Solheim.
– Eg hadde behov for fagleg påfyll, og ønskte vidareutdanning i organisering og leiing. Mastermodulen på 30 poeng såg interessant ut. Eg hadde vel også tankar om å fullføre til oppgåva, men syns det var greitt å begynne i ein ende.
Kompetansen skal Wenche Solheim bruke til å vere betre rusta til å møte nye faglege utfordringar. – Eg ønsker å vere best mulig kvalifisert til den leiarjobben eg har, men også andre leiaroppgåver innafor offentleg sektor kan vere aktuelle på sikt, seier ho.
Den første modulen innafor offentleg organisering og leiing var svært viktig. Den ga relevant fagleg påfyll, og større forståing for dei utfordringane som ein har innafor offentleg sektor.
– Planleggingsmodulen som eg tok, utvida horisonten meir mot andre fag, gav meg meir innsikt i kor samansett (og tilfeldig ?) planlegging kan vere. Metodekurset har lært meg å lese forskingsrapportar og teori på ein ny, og meir kritisk måte. Eg ser også kor viktig det er med praksisnær forsking innafor sosialtenesta, og har erfart at ein god rettleiar er heilt nødvendig i forskinga, seier ho.
Det har gått greit å kombinere studia med arbeid. Arbeidsgivar (Ørsta kommune) har vore positiv og har støtta henne med permisjonar.
– For meg som bur så nært er det sjølvsagt enklare enn for dei som pendlar til samlingane. Mitt intrykk er likevel at folk jamt over er positive til opplegga, sjølv om vi representerer ulike fag og yrker. Høgskulen har eit godt rykte i høve kvalitet, og det syns eg dei har levd opp til, seier ho.
Tilbake
|