|
Innpassing av emne frå tidlegare utdanning Dersom du er student ved eit fleirårig studium med rom for valfrie emne, kan du søkje om innpassing av tidlegare utdanning. Valfrie delar av studiet vil gå fram av fag-/ studieplanen for utdanninga di. Du kan også be om fritak for obligatoriske delar av utdanninga, dersom du har tilsvarande emne frå før.
Innpassing av fag i allmennlærarutdanninga Allmennlærarstudentar har høve til å søkje innpassing i obligatoriske delar av lærarutdanninga på grunnlag av tidlegare utdanning, eller innpassing i den valfrie delen av utdanninga i tredje og/ eller fjerde året av allmennlærarutdanninga. Søking skjer på eige skjema.
Søknadsskjema for innpassing - alle studium utanom allmennlærarutdanning (Word) Søknadsskjema for innpassing i allmennlærarutdanning (pdf-format)
Førehandsgodkjenning Har du planar om å ta delar av utdanninga di ved andre skular i Noreg eller i utlandet, og la dette gå inn som del a av ein grad eller eit studieprogram hos oss? Då bør du søkje om førehandsgodkjenning. For norsk utdanning nyttar du same skjema som innpassing (sjå ovanfor), medan utanlandsk utdanning vert handsama av internasjonalt kontor. Ta kontakt med Internasjonalt kontor i 3. etg. BK - tlf. 70075120 eller send ein mail cw@hivolda.no.
Du må ha Acrobat Reader skjema-filene (last ned frå nettet her)
|