Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


Forsking og utvikling / Forskingsdagane 2007 / Forskingsdagane 2006 /

Databarnehagen - kreative eller passive born?

Høgskulelektor Lila Moberg ved Høgskulen i Volda har teke initiativ til  prosjektet "Kreativ bruk av IKT i barnehagen". Sidan hausten 2004 har ho samarbeidd med born og vaksne i Røysmarka studentbarnehagen i Volda om dette prosjektet.

 

Tid: Torsdag 28. september, kl. 09.00-15.00
Stad: Høgskulen i Volda, Henrik Kaarstad-huset, 204

 

Det finst mange negative førestillingar om barn og databruk, t.d. at born blir asosiale og passive, at dei ikkje lærer å samhandle med andre, at dei får for lite fysisk aktivitet, m.m. Men det finst lite forsking på korleis born brukar IKT. Dette er noko av bakgrunnen for prosjektet til Moberg. Ho ville finne ut om born kan bruke datamaskina kreativt, dvs. bruke programvare på ein utforskande måte gjennom leik. Ein viktig del av prosjektet er at born skal vere aktive og lage eigne uttrykk ved hjelp av digitalt utstyr.

 

Under Forskingsdagane vil Lila Moberg stå i spissen for eit seminar der erfaringane frå dette prosjektet vil bli presenterte. Saman med tilsette i Røysmarka barnehagen vil ho fortelje om overraskande funn og nye erfaringar. Etterpå vil deltakarane få høve til å prøve ut programvare på datarommet.

 

Program

Kl. 09.00-11.15:
Presentasjon av erfaringar frå prosjektet v/ Lila Moberg og tilsette i Røysmarka studentbarnehage. (Kårstad 204)

Kl. 11.15-12.00:
Pause
Kl. 12.00-14.00:
Utprøving av programvare m/ rettleiing. (Datarom)
Kl. 14.00-15.00:
Presentasjona av anna programvare. Diskusjon og oppsummering. (Kårstad 204)

 

Påmeldingsskjema (Kurset er fullteikna)

 

Last ned:

                      



Skriv ut  Skriv ut

 FoU-nytt
Nytt prosjekt: Kvalitet i opplæringa - om tilpassa opplæring
13.02.2007


Oppdatert av Eirik Bech 26.09.2006
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning