Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


Om Høgskulen / Kulturfag / Fagmiljø / Musikk /

Musikk (Bachelor), 3 år - 180 stp

 I studieprogrammet vert praktisk musikkverksemd kombinert med teoretiske disiplinar og fagdidaktisk arbeid. Høgskulen i Volda har eit svært aktivt og rikt musikkmiljø, og har mellom anna eige symfoniorkester.

Kort som programmet:
Programmet inneheld følgjande emne:
Musikkpedagogikk, musikkdidaktikk, musikkutøving (instrumental, vokal, kor- og ensembleleiing/direksjon), musikkteori, høyrelære, komponering og arrangering, musikkteknologi, musikkorientering og musikkformidling.

Kva lærer du:
Det vert lagt vekt på å gi studentane ei allsidig musikkopplæring som kvali?serer for musikkarbeid på ulike felt i samfunnet, til dømes i grunnskulen, kulturskulen, fritidsmusikklivet m.m. Gjennom studiet skal studenten tileigne seg haldningar, kunnskapar, ferdigheiter og handlingskompetanse i musikk som kvali?serer for utøving av musikalsk og pedagogisk verksemd i grunnskule, vidaregåande skule og kulturskule. Det vert lagt vekt på å utvikle fagleg, kunstnarleg, didaktisk og sosial kompetanse i tillegg til evne til endring og yrkesetisk re?eksjon.

Oppbygging og gjennomføring:
Studieprogrammet er sett saman av følgjande emne:

100-nivå:
MUS101: Inn i musikken 1
MUS102: Musikk i barneskulen
MUS103: Inn i musikken 2
MUS104: Musikk i ungdomsskulen

200-nivå:
MUS201: Musikk i kulturskulen
MUS202: Ensemble og komponering/arrangering
MUS203: Musikkteknologi
MUS204: Utøving og formidling
MUS205: Bacheloroppgåve
MUS206: Intuitiv komposisjon
MUS207: Musikkorientering

For å oppnå bachelorgrad må studenten ha til saman 180 studiepoeng. Musikkstudiet kan tilby 90 – 135 studiepoeng. Resten av studiet bør knytast til fag som er relevante for grunnskulen, den vidaregåande skulen eller kulturskulen. Det vil vere avhengig av studenten sine ønskje kva fag han eller ho vil supplere med.

Undervisning og arbeidsmåtar:
Aktuelle organiserings- og arbeidsmåtar i studiet er:
- førelesingar i plenum
- undervisning i seminargruppe og basisgruppe
- individuell rettleiing og undervisning
- semesterarbeid
- prosjektoppgåve med skriftleg, praktisk/munnleg eller kunstnar leg dokumentasjon
- kor- og ensembleinstruksjon
- praksis
- sjølvstendig studiearbeid

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning.

Praksis:
I studium av emne med eit didaktisk innhald vert det lagt til rette for praksis i musikk. Omfanget og forma på praksisen er avhengig av kva emne studenten har valt.

Vegen vidare – jobb og studium:
Studiet er yrkesretta, og kvali? serer for arbeid med musikk på ulike område i samfunnet. Aktuelle arbeidsstader vil vere offentlege og friviljug verksemd, til dømes i skulen, kulturskulen og vaksenopplæringa – og i fritidsmusikklivet og kulturlivet elles. Studentane vil spesielt få ei brei yrkesretta utdanning for undervisningsrelaterte og musikkpedagogiske oppgåver.

For å få formell undervisningskompetanse i skuleverket må ein bygge på med 1-årig Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Studentar som ønskjer undervisningskompetanse må velje fag som er nemnde i læreplanen for det skuleslaget ein ønskjer å arbeide i.

Studentar som har fullført bachelor i musikk kan søkje om opptak til mastergrader innan musikk eller andre fagområde.

Utanlandsopphald:
Delar av studiet kan takast ved utanlandske institusjonar. Ein tek sikte på å leggje til rette for studium av musikkpedagogiske emne, musikkutøving og instrumentalopplæring.

Det vert arbeidt med å opprette kontakter med institusjonar i første rekkje i Norden og Europa. Men også andre studiestadar kan vere aktuelle som til dømes studium i Australia gjennom HVO sitt studietilbod Australia-Asia kulturstudium.

Kontaktperson: Reidun Å.Bjørlykke          Tlf 7005271

 



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Ivar Hagen 20.10.2006
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning