|
Gjennom tenesta "Mi side" i Bibsys Ask kan du sjølv til ei kvar tid halde oversikt over eigne lån, bestillingar og reserveringar. Du kan også fornye lån. For å få tilgang til "Mi side" må du først logge deg på Bibsys Ask.
- For studentar, bruk det vanlege brukarnamnet og passordet ditt.
- For tilsette og eksterne
Tilsette kan om dei ønskjer det logge seg på via Feide med sitt vanlege brukarnamn og passord, men sidan koplinga mellom HVO-login og Bibsys Ask er personnummer, må du først kontakte biblioteket for registrering av personnummer. Dersom du ikkje ønskjer å registrere personnummeret ditt i Bibsys, kan du logge inn med Brukarnamn = Bibsys låntakar-ID (sjå baksida av kortet ditt, td. hvo9800559) og passord frå Bibsys. Dersom du ikkje har passord frå før eller har gløymt passordet, kan du Bestille passord frå Bibsys.
Eksterne brukarar som har lånekort hos oss, loggar seg på med brukarnamn=Bibsys låntakar-ID (sjå baksida av kortet ditt, td. hvo9800559) og passord som du første gongen må Bestille frå Bibsys.
|